Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Ny rettskriving i nynorsk i 2012

Kulturdepartementet har vedteke ny nynorskrettskriving som gjeld frå 1. august 2012.

Hovudpunkt i den nye rettskrivinga

  • Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke, og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta.
  • Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
  • Ein del former, både tidlegare sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga.
  • I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn. I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.

Tiltak som Språkrådet set i verk i samband med den nye rettskrivinga

  • Nynorskkurs: Vi held kurs i den nye rettskrivinga. Ta kontakt med Karl Henrik Steinsholt på e-post karl.henrik.steinsholt@sprakradet.no dersom du vil vite meir om kurs.
  • Nytt nettkurs i nynorsk: Vi har utarbeidd eit nytt nynorskkurs for elevar i den vidaregåande skulen på nettsidene våre. Vi har òg to interaktive øvingsrom med oppgåver i nynorsk grammatikk og rettskriving: eitt for elevar og eitt for offentleg tilsette. Andre vil også ha nytte av kurset og øvingane.
  • Innføringsbrosjyre: Vi har gjeve ut brosjyren Ny nynorskrettskriving frå 2012 til skulane om hovuddraga i den nye rettskrivinga. Du kan laste ned og/eller bestille brosjyren ved gå til lenkjene nedanfor.  
  • Oppdatert ordbok: Nettutgåva av Nynorskordboka har blitt oppdatert med den nye rettskrivinga. Du kan søkje i ordboka ved å bruke søkjefeltet i toppen på nettsidene våre, eller du kan søkje her.

Lær meir om den nye rettskrivinga

Skuleelev. Foto: Scanpix | Adam HaglundOvergangsordning ved eksamen

I samråd med Språkrådet har Utdanningsdirektoratet fastsett ei overgangsordning for eksamenane i grunnskulen og den vidaregåande skulen i 2013 og 2014. Til desse eksamenane skal bruk av former frå den gamle rettskrivinga (den som gjeld fram til 1. august 2012) ikkje reknast som feil.


Sist oppdatert 9. januar 2013

 

 

Utviklet av Gazette