Språkdagen 2018: Språk i skvis

No image

Språkdagen handla om tre område som blir viktige for språkpolitikken framover: språk i digitale verktøy, det fleirspråklege samfunnet og språk i skjeringspunktet mellom akademia og næringsliv.

Hilde sandvik | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixSpråkdagen blei arrangert i Oslo Konserthus 15. mars. Konferansier var redaktør Hilde Sandvik, medlem av Språkrådets framtidsutval. Ho leidde også det ho kalla «levande tenkjetankar», i form av panelsamtalar med viktige samfunnsstemmer om dei tre hovudtemaa for dagen.
Opning

Trine Skei Grande | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixKulturminister Trine Skei Grande opna arrangementet.

«Fleirspråklegheit er ikkje eit trugsmål; fleirspråklegheit er heilt normalt. Det er ‘kjempekult’ for heile Noreg at vi kan mange språk.»
«Vi flirer av ulike ting på ulike språk og ulike dialektar. Ulike språk er ein styrke.»
«Vi må ha eit fullverdig akademisk språk, for utan ei akademisk form blir heile språket dårlegare.»
«Det er ei velsigning for språket at vi har to skriftspråk. Det er viktig for fellesskapen at vi har norsk, samisk, kvensk og andre språk i landet vårt. Språk dannar viktige fellesskapar.»

Tema 1: Språk i ein ny digital kvardag

Kva må skje for at vi skal kunne bruke vårt eige språk i digitale løysingar?

Shahzad Rana | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixKalde fakta: språk og digitalisering
Shahzad Rana, Språkrådets framtidsutval

«Vi treng ein meir konsistent politikk for teknologispråk.»
«Det er ikkje lenge til vi styrer tekniske dippeduttar gjennom talegjenkjenning.»
«Marknaden for talesyntese på norsk er ikkje stor nok enno.»
«Vi har diverre ikkje nok språkteknologi i Noreg.»
«Det er eit dilemma at vi brukar engelsk som domenespråk.»
«Fleirspråklegheit er ein styrke når morsmålet står sterkt.»

Erik Bolstad | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixKjem kjøleskapet til å snakke dialekt om fem år?
Om korleis språkteknologien kan påverke norsk
Erik Bolstad, Store norske leksikon

«Vi kjem til å snakke til kjøleskapa våre. På engelsk? Ja. På norsk? Ja. På dialekt? Ja – dersom datagrunnlaget er godt nok.»
«Det er dei som seier at talegjenkjenningsteknologi for norsk er meir komplisert på grunn av dialektane og dei to skriftspråka våre. Eg meiner det handlar meir om vilje.»
«Offentlege data må vere heilt opne. Dei må vere gratis og lette å finne, forstå, bruke og laste ned.»
«Vi må ha eit betre grunnlag for norsk taleteknologi. Da er det ikkje bra at nye teknologimiljø ikkje kan laste ned innhald frå til dømes databasane Snorre og Språkbanken.»

Panelsamtale

Korleis får vi norsk språk i teknologiske løysingar?

Deltakarar: Åse Wetås (Språkrådet), Hege Høsøien (Nasjonalbiblioteket), Paul Chaffey (Kommunal- og moderniseringsdepartementet), Lars Christian Gjøsæther (Åskollen skole)

WETÅS:

«Språkteknologi er like viktig som all annan infrastruktur i samfunnet. Vi må ha norsk med i den digitale tidsalderen. Vi er 5,5 millionar brukarar som må vere med og bestemme.»
«Vi må ha riktig grunnlagsmateriale slik at alle får gode språkteknologiressursar i opplæringa. Vi må sjå på tekstmengdene som felles eigedom og ikkje som eit lausrive kulturtiltak. Det kan spare oss for store utgifter på andre område òg.»
«Når vi besøkjer verksemder, seier dei at dei ikkje klarer å finne løysingar for nynorsk. Men det er ikkje programmerarane som skal bestemme det.»

HØSØIEN:

«Nasjonalbiblioteket opnar ressursane så langt som mogleg. Vi har eit arkiv på 55 milliardar ord, eit av dei største i verda. Men på grunn av rettar og personvern er det ikkje ope for alle. Vi manglar ein lovheimel for å lage ein kopi til språkteknologiske formål. Dette er både eit juridisk og pedagogisk spørsmål. Dersom forvaltninga tar ansvar for det juridiske, da seier gjerne selskapa ja. Så vi må setje i gang ein sektorovergripande dugnad.»
«Vi må lage offentlege løysingar for språkteknologi som blir oppdaterte jamt og trutt, for orda vi samlar, er ferskvare. Og det offentlege må samarbeide med dei som produserer data. Vi klarer ikkje å løyse dette aleine.»

CHAFFEY:

«Eg er teknologioptimist. Eg er også politikkoptimist.»
«Det er mogleg å gjere noko med dette, for vi er samde om intensjonane. Vi kan gjere politiske grep, vi kan gjere noko med lovene, vi kan fjerne hindringar. Men da må vi òg involvere dei private selskapa.»
«Opne data er viktige. Dei skal offentleggjerast og vere gratis, i praksis òg.»

GJØSÆTHER

«Mange elevar tenkjer ikkje på at mykje av app-språket i skolen er på engelsk.»
«Det er mange som vil selje teknologiske løysingar til skolane. Men anbodsrundane hemmar. Skolane burde ha ei ferdig regulert fellesteneste, litt som Spotify.»

Hege Høsøien (Nasjonalbiblioteket), Åse Wetås (Språkrådet), Lars Christian Gjøsæther (Åskollen skole), Paul Chaffey (Kommunal- og moderniseringsdepartementet) | Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Tema 2: Engelsk frå studiet – norsk i jobben?
Om engelskdominansen i høgare utdanning og behova i arbeidslivet

Terje Lohndal | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixKalde fakta: fagspråk i akademia og i arbeids- og næringslivet
Terje Lohndal, Språkrådets framtidsutval

«Status for norsk språk: Det er ikkje så solid. Det er for lite refleksjon rundt temaet.»
«Det er eit dilemma for studentane at pensum oftast er på engelsk, og at dei skal skrive eksamen på norsk. Derfor kan ein høyre studentar seie at det nesten er enklare å ha det på engelsk.»
«Det er viktig å bruke norske omgrep, elles forsvinn dei.»
«Arbeidslivet har ingen strategiar eller tiltak for å jobbe med språkpolitiske spørsmål. Det er ingen insentiv for å drive med terminologisk arbeid. Men arbeidsgivarar etterspør likevel: 1) praktisk erfaring, 2) munnleg norsk, 3) skriftleg norsk.»

Vera Schwach | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixNorsk fagspråk – hvem trenger det?
Presentasjon av resultatene fra en undersøkelse om bruken av norsk fagspråk i høyere utdanning og arbeidsliv
Vera Schwach, Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

«Norsk språk er høgt verdsett og etterspurt hos arbeidsgivarar i Noreg. Det er kanskje litt overraskande?»

  • 90 prosent av dei med høgre utdanning blir i Noreg etter fullført studium.
  • 4 av 5 av dei som studerer økonomi i utlandet, vender heim etter studietida.
  • Om lag halvparten av masteroppgåvene i Noreg i dag blir skrivne på engelsk.

«Er internasjonaliseringa god for det norske arbeidslivet, eller er det berre prestisje?»
«Det er ingen tiltak for norsk fagspråk, berre for engelsk, framandspråk og samiske språk. Tar ein fagspråket for gitt?»

Mari Elken | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixHva er egentlig internasjonalisering? 
Mari Elken, Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

«Kva er det som eigentleg trugar norsk fagspråk? Tankeløyse!»
«Høgre utdanning er og har alltid vore internasjonalt orientert. Men det blir fokusert mykje meir på internasjonaliseringa i dag. Det er fleire utanlandske studentar og tilsette i UH-sektoren og eit større engelskspråkleg utdanningstilbod.»
«Fagspråket er usynleg i strategiane og nærmast eit biprodukt. Vi må tenkje meir systematisk på alle nivå. Vi må ha ei meir gjennomtenkt fagspråkopplæring. Vi må prioritere norsk fagspråk.»

Panelsamtale
Utdanning på engelsk – arbeidsliv på norsk?

Deltakarar: forskings- og høgare utdannings-minister Iselin Nybø, Are Turmo (NHO), Ann-Mari Haram (Karrieresenteret ved Noregs handelshøgskole), Sunniva Whittaker (Universitetet i Agder)

TURMO:

«Kompetansebarometer viser at gode evner i munnleg og skriftleg norsk er viktig for rekrutteringa til arbeidslivet, ved sida av praktisk erfaring. Det er faktisk viktigare enn framandspråkkompetanse. Vi må finne ein balanse, for vi er også opptatt av internasjonaliseringa.»
«Kravet til skriftleg kompetanse blir stadig høgare, for fagarbeidarar òg.»

HARAM:

«Dei som skriv ein god og språkleg presis jobbsøknad og har eit godt språk i jobbintervjuet, får jobb mykje lettare. Derfor må ein ha gode grunnleggjande språkferdigheiter.»
«Arbeidsgivarane vil ha tilsette som er gode til å kommunisere i ulike sjangrar.»
«Det er også viktig å kunne godt engelsk, og det heng saman med morsmålskompetanse.»
«Eg skulle ønskje at utdanninga gav god tverrfagleg dugleik i norsk, engelsk og kommunikasjon.»

WHITTAKER:

«Det er primært eit spørsmål om ressursar. Vi manglar kompetanse i fagspråk og terminologiarbeid. Det er viktig med godt og systematisk samarbeid mellom filologar og andre fagfolk. Det held ikkje med eldsjeler.»
«Næringslivet har ikkje verdsett språkkompetanse nok.»
«Studentar i dag er meir opptatt av jobbutsikter enn av danning.»
«Språk må vere eksplisitt nemnt, elles blir det nedprioritert. Vi må få på plass indikatorar og strategiske mål.»

NYBØ:

«Ein skal kunne bruke norsk språk på alle arenaer i livet. For å sitere kulturministeren: ‘Norsk skal ikkje berre kunne brukast til å bestille øl’.»
«Internasjonaliseringa er positiv. Det er bra at utlendingar kjem hit, og at nordmenn studerer i utlandet. Eg skulle ønskje enda fleire nordmenn studerte ute. Men det er for lite medvit og debatt om det språklege i norske utdanningsinstitusjonar. Det er nemleg ikkje eit anten-eller, men eit både-og.»
«Det er meir krevjande å ta fag på engelsk, men dei fleste studentane går på med dødsforakt, og det er imponerande.»

Are Turmo (NHO), Sunniva Whittaker (Universitetet i Agder), forskings- og høgare utdannings-minister Iselin NybøAnn-Mari Haram (Karrieresenteret ved Noregs handelshøgskole) | Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Tema 3 – Når jobben krev norsk
Om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar

Unn Røyneland | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixKalde fakta: arbeidsinnvandring og dei ulike krava og pliktene til å lære seg norsk
Unn Røyneland, Språkrådets framtidsutval

«Introduksjonslova gir asylsøkarar og flyktningar rett og plikt til opplæring i norsk, men paragrafen gjeld ikkje for dei som kjem frå andre EØS-land, til dømes dei 100 000 polakkane i Noreg.»
«EØS-borgarane må betale språkopplæringa sjølve eller få ho dekt av arbeidsgivaren.»
«Manglande norskopplæring gjer mange arbeidsplassar mindre attraktive for norsktalande ungdom. Dessutan er ikkje manglande norskkompetanse bra for tryggleiken på arbeidsplassen.»
«Bør krav om norskkompetanse og ønske om meir norsk på arbeidsplassen bli følgt opp av rett til opplæring, også for EØS-borgarar?»

Kamilla Kraft | Foto: Audun Braastad / NTB scanpixSpråk og kommunikasjon på byggjeplassen
Kamilla Kraft, Københavns Universitet

«Kommunikasjonen påverkar effektiviteten, tryggleiken og det sosiale fellesskapet på arbeidsplassen. Men kven har ansvaret? Entreprenøren, bemanningsbyrået eller kvar arbeidstakar?»
«Det er ikkje krav om å kunne norsk når bemanningsbyrå og entreprenørar tilset arbeidarar. Dei satsar på ikkje-verbal kommunikasjon og på nokre få såkalla språkmeklarar, det vil seie arbeidarar som kan litt norsk, og som tar seg av kommunikasjonen mellom leiarane og arbeidarane.»
«Mangelen på norsk språk fører til dårlegare arbeidskraft, færre faste tilsetjingar og ei lagdeling av det norske arbeidslivet. Det er ein vond sirkel.»

Panelsamtale
Får arbeidsinnvandrarar frå EØS-land den norskopplæringa som trengst?

Deltakarar: Mathilde Fasting (Civita), Helge Jagmann (sjukeheimsetaten i Oslo), Irene Ebbesen (Caritas), Anders Fremming Anderssen (Kompetanse Noreg), Jonas Bals (LO)

FASTING:

«Det er ikkje bra nok berre å bruke språkmeklarar. Dei er viktige for arbeidsgivarane, og lette å ty til, men det er risikabelt. Det er viktigare at alle får språkopplæring.
«Vi må ikkje gløyme at arbeidsinnvandrarar allereie har ein kompetanse når dei kjem til Noreg. Dei fortener å bli likebehandla.»

JAGMANN:

«Vi får stadig klagar på at dårleg språk har ført til mistydingar. Dei fleste klarer seg bra språkleg, men nokre fell gjennom.»
«Språk er nøkkelen til å lykkast i arbeidslivet. Det er likeverdig med fag som medisin.»
«Språk er ferskvare. Derfor må ein halde det ved like.»
«Det er viktig at barn har gode rollemodellar. Derfor må barnehagetilsette snakke godt norsk.»

EBBESEN:

«Dei færraste kan betale 40 000 kroner for eit norskkurs som dei attpåtil må ta ved sida av full jobb.»
«Vi treng også dei som kan reparere dei mange kaffimaskinane våre.»

ANDERSSEN:

«Eg vil gi honnør til bedrifter som er flinke til å følgje opp norskopplæringa av tilsette. Eg var nyleg i ei cateringbedrift som gir norskkurs i særleg relevant fagspråk, og som har forbod mot å snakke andre språk enn norsk på jobb. Det fungerte visst veldig bra.»
«Eg har tru på læring i arbeidslivet. Språk er ein nøkkel til å kvalifisere seg vidare. Så arbeidsplassen som læringsarena er viktig. Da får nasjonen Noreg noko godt ut av det òg.»

BALS:

«Det sosiale fellesskapet forvitrar utan god kommunikasjon, og det er ein alvorleg situasjon for samfunnet. Det kjem til å bli mangel på god arbeidskraft i byggjebransjen. Derfor må vi ha pliktig språkopplæring.»
«Det skjer ei sosial dumping i offentlege byggjeprosjekt. Vi må derfor ta inn språkkrav i innkjøpsmodellane. Styresmaktene må vere meir proaktive, og vi må sjå arbeids- og sosialpolitikken i samanheng med kunnskapspolitikken.»
«I byggjebransjen har ein ikkje satsa på språkkompetanse. Tilgang til billig arbeidskraft var utgangspunktet. Men ein har for lengst forstått at det var ei kortsiktig løysing.»
«Språk og fag heng saman. Vi må sørgje for at folk får så gode kår at dei ikkje hamnar på Nav.»

Jonas Bals (LO), Anders Fremming Anderssen (Kompetanse Noreg), Helge Jagmann (sjukeheimsetaten i Oslo), Mathilde Fasting (Civita), Irene Ebbesen (Caritas) | Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Avslutning

WETÅS:

Åse Wetås | Foto: Audun Braastad / NTB scanpix«Norsk språk står på spel på nokre samfunnsområde. Det går fram av rapportar, filmar, tankesmier, ordskifte og føredrag frå tilskipinga i dag.»
«Vi må sikre hovudmålet også i framtida: Norsk språk skal vere eit samfunnsberande språk i Noreg.»
«Godt norsk fagspråk og gode språkval gir oss eit sikkert, velordna samfunnsliv.»
«Takk for gode perspektiv og råd, for kloke innspel, for fakta, funn og synsmåtar. Arbeidet er ikkje slutt med dette.»
«Språkprisen blir delt ut i november. Meld gjerne inn favorittar til språkprisjuryen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter