Språkarbeid er kvalitetsarbeid

No image

(4.7.23) Språkarbeid er kvalitetsarbeid. Det må speglast att i verksemda til universiteta og høgskulane.

Riksrevisjonen har vurdert arbeidet med kvalitetsutvikling i studieprogramma i den norske universitets- og høgskulesektoren, og Khrono melder at institusjonane får karakteren «ikke tilfredsstillende». Språkrådet har lenge peika på at språk må inn i kvalitetsarbeidet. Det vil auke kvaliteten og arbeidslivsrelevansen i studia.

Språkrådet meiner at universiteta og høgskulane må utvikle strategiar og praksisar som speglar at språkarbeid er ein del av kvalitetsarbeidet. Kompetanse i norsk fagspråk bør definerast som ein del av læringsutbytet i emne og program, og språkarbeidet bør innlemmast i strategiar for kvalitetsutvikling. Vektlegging av fagspråkleg kompetanse i forelesingsrommet kan leggje til rette for god studiegjennomføring. Difor meiner Språkrådet at språkarbeid òg må inn i det vidare kvalitetsarbeidet.

Fagspråket er verktøyet vi brukar til å formidle og diskutere kunnskap. Det vil seie at den språkkompetansen studentane tileignar seg i løpet av utdanninga, avgjer kva dei kan bruke kunnskapen sin til. Ei utdanning som sikrar at studentane kan formidle og diskutere faget sitt i relevante situasjonar og på relevante språk, har høgare kvalitet enn ei utdanning som ikkje gjer det. Språkarbeid og kvalitetsarbeid er med andre ord to sider av same sak.

Tidlegare i juni la regjeringa fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Den understrekar at studentane treng norsk fagspråk i det norske arbeidslivet. Regjeringa vurderer òg å ta inn krav om norsk fagspråk i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. Dette rammeverket definerer kva for kompetanse og ferdigheiter det er venta at studentane tileignar seg på ulike nivå i høgare utdanning.

Regjeringa signaliserer med dette at norsk fagspråk er viktig for kvaliteten og relevansen i utdanningane, og at arbeid med norsk fagspråk bør vere ein integrert del av studieprogramma.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.07.2023 | Oppdatert:29.08.2023