Med lov skal landet både bygges og byggjast

No image

(20.6.23) Berre 14,2 prosent av norske lover er skrivne på nynorsk. Ei så ujamn fordeling mellom skriftspråka i lover er i strid med den vedtekne språkpolitikken.

Kronikk i Stat & Styring
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Lovtekstar har stor rekkjevidde i forvaltninga. Dei blir brukte i sakshandsaming i alle sektorar. Lovtekstar blir ofte siterte, og språket i lovene forplantar seg til andre typar tekstar, slik som vedtaksbrev eller informasjon til innbyggjarane. Språket i lovtekstane har altså stor innverknad på det språket innbyggjarane møter i kontakt med offentleg forvaltning.

Lover er tekstføredøme og arbeidsverktøy for forvaltninga. Språket i lovene er altså ikkje noko ein bør ta lett på.

Både bokmål og nynorsk skal vera representerte i lovverket. Men berre 14,2 prosent av norske lover er på nynorsk, viser ei kartlegging som Lovdata har gjort på oppdrag frå Språkrådet. Dessutan er nynorsklovene ofte korte, og det gjer at den totale mengda lovtekst på nynorsk blir mindre – berre 8,8 prosent. Det har lenge vore eit språkpolitisk mål at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengde skal vera på nynorsk. Dette vart seinast slått fast i proposisjonen som følgde lov om språk (språklova).

Sjølve lovene fell ikkje inn under språklovskravet om at statsorgan skal bruka minst 25 prosent av kvart av dei norske skriftspråka i allment tilgjengelege dokument. Grunnen til det er at Stortinget, som vedtek lovene, er unnateke kravet om veksling mellom nynorsk og bokmål. Men lovene blir som regel lagde fram som proposisjonar frå departementa. Proposisjonane er allment tilgjengelege dokument, og i slike dokument skal det vekslast mellom bokmål og nynorsk.

Dersom lovene og forskriftene hadde vore skrivne i eit oppdatert språk – både på bokmål og nynorsk – så ville det truleg ha vore enklare for sakshandsamarane å skriva god nynorsk og klart språk.

Guri Sandvik, assisterande kommunikasjonsdirektør i Miljødirektoratet

Stortinget vedtek lovene på det skriftspråket lovproposisjonane og lovtekstane er lagde fram på. Dersom departementa oftare vel nynorsk når dei skriv utgreiingar og lovtekstar, vil dei både arbeida i tråd med språkpolitikken og gjera det enklare for seg sjølve og kollegaene sine i statsapparatet å oppfylla vekslingskrava i språklova.

Det viktige lovspråket

I mars 2023 vart klarspråksprisen for staten delt ut til Miljødirektoratet. Målgruppa for tekstane til dette direktoratet er alt frå børsnoterte energiselskap til bønder som har mista sau på grunn av rovdyr. Direktoratet seier sjølv at språket i lover og forskrifter pregar tekstane, særleg vedtaka. Sakshandsamarane brukar mykje tid og ressursar på å skriva gode vedtak og å unngå tungt juridisk språk.

Ein nøkkel i det prislønte språkarbeidet til Miljødirektoratet har vore å føra ulike yrkesgrupper saman. Direktoratet har ei tverrfagleg språkgruppe der juristar, kommunikasjonsrådgjevarar og ein arkivar samarbeider. Det er særleg viktig å ha med juristane, som har mykje å seia når det skal gjerast vedtak.

Guri Sandvik, som er assisterande kommunikasjonsdirektør i Miljødirektoratet, seier at dersom lovene og forskriftene hadde vore skrivne i eit oppdatert språk – både på bokmål og nynorsk – så ville det truleg ha vore enklare for sakshandsamarane å skriva god nynorsk og klart språk.

Det er eit viktig poeng: Lover er tekstføredøme og arbeidsverktøy for forvaltninga. Språket i lovene er altså ikkje noko ein bør ta lett på.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.06.2023 | Oppdatert:20.06.2023