Kva er den beste organiseringa av eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk?

No image

(22.6.23) Telemarksforsking presenterer kva dei meiner om saka, fredag 23.06. kl. 10.15. Følg strøyminga frå arrangementet på Nasjonalbiblioteket!

Språkrådet gav i 2022 Telemarksforsking oppdraget med å laga ei utgreiing om korleis eit fast forskings- og utviklingsmiljø for norsk språk bør vera organisert. No er rapporten klar, og Telemarksforsking vil gjera greie for kva modell dei meiner best kan løysa forskings- og utviklingsoppgåvene, og kva institusjonar som bør få ansvaret, både for forskinga og finansieringa.

I Målstova på Nasjonalbiblioteket presenterer dei rapporten «Et samfunnsbærende språk».

Program
10.15 Velkomsthelsing ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet
10.20 Presentasjon av rapporten ved Åsne Dahl Haugsevje, Telemarksforsking
10.50 Innlegget «Behovet for leksikografi, namnegransking og terminologi i utdanningssektoren» ved Leiv Inge Aa, NTNU

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2023 | Oppdatert:22.06.2023