Statsspråk: Sterk kritikk av nye namn
(9.10.18) Stadig fleire namn i staten bryt med norsk rettskriving. – Språket vårt er identiteten vår og kulturen vår, og det irriterer meg at styresmaktene ikkje ser på det som godt nok lenger, seier stortingsrepresentant Stefan Heggelund (H).
I siste nummer av Statsspråk kan du lese om statlege namn som ikkje held språkleg mål, og korleis ein kan gå fram for å sikre at dei gjer det. Du kan òg lese om arbeid med omgrep, termar og definisjonar og få andre språktips.