Julebord

No image

Julebord er i dag nemning på ein vanleg type fest før jul, men har tidlegare først og fremst vore nytta om bordet med julemat. Gløym ikkje at vi må skrive ordet med binde-e.

Julebordsesongen i Noreg er godt i gang. Julebord forbind vi i dag helst med eit selskap i tida før jul, gjerne på restaurant, med overflod av julemat og rikelege mengder med alkoholhaldig drikke. Ramma rundt julebordet er ofte ein arbeidsplass. Men opphavleg var julebordet eit matbord med tradisjonell julemat som særleg vart servert heime på julekvelden eller første juledag. I Noreg kan julebord altså brukast både om matbordet og om festen rundt serveringa av det som er på bordet.

Også dei andre nordiske landa har tradisjonar knytt til julebord. På dansk bruker dei ordet på same måten som vi gjer. Ei anna vanleg nemning på selskapet er julefrokost. På svensk nyttar dei også julbord om lag som vi gjer, men på finlandssvensk bruker dei nemninga helst om matbordet. Den selskaplege omgangen kallar dei gjerne julfest. På finlandssvensk blir festen av nokre også kalla lillajul, etter mønster av finsk pikkujoulut, men det er mindre brukt enn julfest. På færøysk kan jólaborð tyde begge delar, men festen kallar dei helst jólaborðhald, eller jólafrokostur etter mønster frå dansk. På islandsk tyder jólaborð sjølve matbordet, men dei nyttar jólahlaðborð (julebuffé) om både festen og bordet.

Vi kan merke oss at julebord skal skrivast med binde-e, akkurat som dei aller fleste samansetningane med jul. Det viktige unntaket er sjølve dagen 24. desember – julaftan. Der skal det ikkje vere -e-, verken i bokmål eller nynorsk.

 

Publisert 1. desember 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.12.2017 | Oppdatert:03.08.2021