Internett

No image

Før: Internett, no: internett eller Internett

I september i år vedtok styret i Språkrådet at ein no valfritt kan skrive internett eller Internett, altså med liten eller stor forbokstav. Det er ei løysing som bør gjere alle til lags. Før måtte ordet nemleg skrivast med stor forbokstav. Som før kan kortforma nettet berre ha liten forbokstav.

Då dette verdsomspennande datanettverket såg dagsens lys, vedtok det dåverande Norsk språkråd at nemninga på nettverket var eit særnamn og følgjeleg skulle skrivast med stor i, altså Internett. Etter kvart som nettverket er vorte allemannseige og den viktigaste infrastrukturen for alskens moderne kommunikasjon, har stadig fleire hevda at nemninga er eit samnamn og bør skrivast med liten forbokstav, nett som vi gjer med telefon, radio og fjernsyn.

 

Publisert 16. oktober 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter