Oskefast/askefast

Ordet for året 2010

Eyjafjallajökull. Foto © Jochen Scheffl / iStockphoto

Mange vil hugsa vulkanutbrotet på Island i april som ei viktig hending i 2010. Utbrotet hadde først og fremst utrivelege følgjer, men det gav oss òg det råkande ordet oskefast/askefast, som vi har kåra til 2010-ordet. Med til same nyheitsbiletet høyrde ordet oskesky/askesky, som òg har vore mykje bruka.

Oskefast er eit framifrå døme på kreativ ordlaging i norsk. Oske og fast er velkjende ord, men samansetjinga av dei er ny. Ho følgjer mønsteret i det mykje bruka ordet vêrfast. Over denne leisten har norske språkbrukarar opp gjennom åra laga ord som isfastregnfastsnøfast og streikefast; og i år fekk vi oskefast. På norsk kan vi nærast i det uendelege laga nye ord ved å setja saman gamle.

Ei anna god samansetjing som  har komi sterkt i løpet av året, er nettbrett: ein lett datamaskin med trykkskjerm. Det ser ut til at dette ordet blei bruka alt i 2000, den gongen om noko som ein nesten berre kunne tenkja seg. Dei nye nettbretta som har komi på marknaden i år, har òg vori kalla lesebrett, men no ser det ut til at dette siste ordet oftast blir bruka om dei bretta som først og fremst tener som e-boklesarar, medan nettbrett blir brukt om brett med fleire mediefunksjonar. Lesebrett og nettbrett synest ha oppstått på sjølvstendig grunnlag på norsk, og det er god grunn til å rosa både ordparet og ordformene. Nettbrett blir òg omtala med avløysarordet tavle-pc (etter engelsk tablet pc). Med det same vi talar om ny teknologi, kan vi nemna at kortforma app for applikasjon har auka i bruk over fleire år, jamt oftare tilpassa norsk bøyingsmønster med former som appen eller appane.

2010 har òg vori året da vi for alvor har blitt kjende med lånordet vuvuzela. Vi fekk både høyra og sjå desse instrumenta med den særmerkte bisvermlyden under fotball-VM i Sør-Afrika, og det var først og fremst i sommarmånadene dei var omtala.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.12.2010 | Oppdatert:11.01.2023