Kanon

Ordet «kanon» kan tyde fleire ting.

Alle veit kva skytevåpenet kanon er. Det har gjeve opphav til moderne metaforar som kanonball, vasskanon og videokanon (= videoprojektor) . Dette ordet har vi fått gjennom italiensk frå latin canna, som tyder ’stort røyr’. 

Det andre ordet kanon – uttalt med lang a – har vi derimot fått frå gresk, der det tyder ’målestong, rettesnor’. Det har fleire tydingar på norsk. På skulen har sikkert mange sunge Fader Jakob som kanon (dvs. i kor, men med ulik start). Kanon er òg dei skriftene i Bibelen som har vore rekna som ekte (dei «kanoniske skriftene»). Ei tredje tyding av kanon er ‘utval av dei litterære verka som er rekna som dei beste gjennom tidene’. Det er nyleg laga ein ny «sakprosakanon» for skulen med tekster frå 1700-talet til i dag. Det er lagt vekt på at tekstene skal høve til bruk i klasserommet i norsk skule.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.08.2009 | Oppdatert:20.12.2022