Språknytt 1/2016

Språknytt er Språkrådets blad for alle språkinteresserte. God lesing!

Høgdepunkt

Når ord blir våpen
Somme ord er skapte for å hisse til krig. Men ord bør først og fremst skape forståing for det som faktisk skjer. I utanriksdekninga er det påtrengande som aldri før. Ofte er det først i ettertid vi ser at ordvalet blei feil.

Morsmålet duger best
– Me må bruke meir norsk som undervisningsspråk, ikkje berre av språkpolitiske omsyn, men fordi me les, lærer og hugsar betre på morsmålet, meiner Marita Kristiansen. Ho talar varmt om både fagspråk, norsk – og engelsk.

Han, ho eller hen
Kan vi bruka hen på norsk i staden for han/ho? Kan vi bruka hen om dei som ikkje vil bli kalla han eller ho? Og kjem hen inn i ordbøkene? Kort sagt: nja, ja og tja.

Då norsk vart eit eige språk
Eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte, seier eit gammalt munnhell. Det er dei nærskylde skandinaviske språka prototypiske døme på.

Vekta av gull
Pund og mark passar vekta, pesetas og lire likeins. Og øre og zloty er gull verd. Her får du eit ørlite glimt av det som pregar nokre av myntane våre.

Kolofon

Ansvarleg redaktør: Åse Wetås
Kommunikasjonssjef: Anne Kirkhusmo
Redaktør: Erlend Lønnum
Journalist: Astrid Marie Grov
Signerte artiklar frå eksterne skribentar står for forfattaren sitt syn.
Ettertrykk tillate når kjelda er oppgitt.
ISSN 0333-3825 (prenta utgave)

Framsideillustrasjon:
Skrifta på veggen: «Madaya #opphev blokkaden Al-Ghuta Al-Sharqiyya»
Kafr Batna, Damaskus, Syria, 8.1.2016
Foto: Amer Almohibany / NTB scanpix

Redaksjonen avslutta 29. januar 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter