Lånord-problemet

To foredrag i Norsk språknemnd med eit tillegg

[Norsk språknemnd. Småskrifter. 2. Oslo 1963]

Forord

På årsmøtet i Norsk språknemnd hausten 1959 var spørsmålet om ordtilfanget emne for ei interessant drøfting. Frå dei andre medlemmene kom det oppmoding til meg om å la prente den innleiinga som eg heldt som grunnlag for drøftinga, og ho vart prenta i Den Høgre Skolen nr. 8 1960. Det er utan tvil trong til ei klargjerande drøfting av desse spørsmåla; om det vitnar m. a. innlegg i Den Høgre Skolen og i avisene. Foredraget blir her prenta i den form det har i Den Høgre Skolen, med nokre få endringar. Eg gjer særskilt merksam på at nemnda sjølvsagt ikkje hefter for mine personlege formuleringar, men elles trur eg nok at ein kan seie at det rår semje i hovudsynspunkta.

Noko liknande gjeld for det andre foredraget i dette skriftet: Den engelsk-amerikanske påverknaden på norsk. Det òg er opphavleg haldi som innleiingsforedrag på årsmøte i Norsk språknemnd, og er prenta som kronikk i Aftenposten 25.–26. oktober 1960. Drøftingane etter foredraget viste at det rådde allmenn uro over utviklinga, og dei munna ut i eit vedtak om å intensivere arbeidet med å demme opp for ei ukritisk innlåning av engelsk-amerikansk språkstoff.

Til slutt gir eg så eit stutt oversyn over det viktigaste som er skjedd i denne saka sidan årsmøtet 1960.

Alf Hellevik

Innhald

Prinsipielle synspunkt på ordtilfanget og ordvalet i norskopplæringa

Spørsmålet om ordvalet er eit stadig problem i norskopplæringa. Dei pedagogiske vanskane ved to-språks-tilstanden er nok større når det gjeld ordtilfanget enn når det gjeld sjølve rettskrivinga. Eg trur òg at det med litt godvilje skulle vere vel så lett å få gjort noko positivt her utan at det set lidenskapane slik i kok som rettskrivingsspørsmål gjer. Men ein skal ingenting forsverje. Vi synest vere inne i ein periode da ein må rekne med at det alltid finst ein eller annan som finn eit eller anna å irritere seg over. Og når den eine då gjerer rop, so ropar sidan den heile hop!

Når det gjeld nynorsk særskilt, kom vi bort i problemet alt i samband med framlegget til læreboknormal. I framlegget fanst det i ymse samanhengar nokre ord som dels ikkje hadde stått i vanlege ordlister før, og dels hadde stått der utan å vere omtykte av alle. I alle fall vart dei ekstra upopulære da dei kom med i framlegget til læreboknormal. Kritikken mot desse orda gav oss høve til å komme inn på spørsmålet i "Svar på kritikk av Framlegg til læreboknormal 1957" (1958), og eg viser til det. Der konkluderte vi m. a. med at når det no skulle gjevast ut nye rettskrivingsordlister og -ordbøker, ville Norsk språknemnd leggje vekt på at ordtilfanget kunne bli så godt og representativt som mogleg innanfor dei grensene formatet til vedkommande ordliste sette. – Dette er for så vidt ikkje så heilt enkelt i praksis, i alle fall når det gjeld skoleordlister, som er av nokså ulikt omfang. Annleis er det med den større rettskrivingsordboka som språknemnda sjølv har i emning. Der skulle vi ha eit godt høve til å ta nettopp ordtilfanget opp til kritisk saumfaring.

Men dette er eit arbeid som av mange grunnar ikkje er så snargjort [1]. I mellomtida får vi da greie oss med dei ordlistene som er (eller blir) utgitt, og som departementet har godkjent. Det er klart at desse ordlistene ikkje kan innehalde plent det same ordforrådet, storleiken er som nemnt nokså ulik. (Dette gjeld elles for begge mål.) I tvilstilfelle får læraren eller sensoren rådføre seg med større og fyldigare lister.

[1]Det har vori vanskeleg å finne fagfolk med tid og høve til å utarbeide ei slik rettskrivingsordbok, og førebels er planen lagd på is.

Sidan den nye utgåva av Samlags-ordlista her kjem inn i biletet og har vori direkte nemnd i innlegga i Den Høgre Skolen, så må eg få lov å knyte eit par meir prinsipielle merknader til denne lista, der eg sjølv har hovudansvaret for ordutvalet. Det er rett nok at ordtilfanget i Samlags-ordlista er så sterkt utvida at det jamført med tidlegare ordlister for nynorsk kan fortone seg som litt av ein revolusjon. Det er likevel ikkje eit dekkjande uttrykk. Eg vil heller kalle det ei ajourføring. Og det er klart at ei slik utviding kan ikkje gjerast på slump eller etter personleg smak og godtykke. Ein må som det står i "Svar på kritikk … " vurdere detaljane "på grunnlag av den røynlege bruken i talemål og skriftmål, og med auge for dei krav som blir sette til eit skriftmål som skal dekkje vidt ulike emne og bruksområde". Her må ein da ha klart for seg at nynorske ordlister har sitt utgangspunkt i Aasens og Ross' og Schjøtts ordbøker. Desse ordbøkene er først og fremst dialekt- eller talemåls-ordbøker, og vi har sakna hjelpekjelder til å få med det rike ordtilfanget i det nynorske skriftmålet. No har endeleg den store ordboka over nynorsk så smått tek i til å komme, og den vil gi eit rikare og meir nyansert bilete av ordtilfanget og kjeldene for det. Men ein må vere klar over at dette store verket, er registrerande, og ein må ikkje som det til dels har vorti gjort, sjå heilt bort frå dei opplysningane ordboka gir om bruk (eller ikkje-bruk) i skriftmålet. Det er såleis ikkje nok å slå fast at eit ord "er å finne i Norsk ordbok"; står det t. d. eit lbr el. lbr i skr føre ordet, tyder det at ordet er "lite bruka og vanleg rekna for lite brukande" (i skrift), og det er da eit signal som bør mane til ei viss varsemd i skoleopplæringa, enda om ein har in mente at målvoksteren kan føre til at slike ordboksutmerkingar fort kan bli forelda (det gjeld også tilsvarande utmerkingar i Norsk riksmålsordbok: dial., fam. e.l.). Det er hittil berre kommi fire hefte av Norsk ordbok, så enno ligg meste materialet i ordboksarkivet, og er såleis vanskeleg å utnytte både av lærarar og andre. For min eigen del har eg hatt det beste høve til å slå etter i dei store samlingane når vi under arbeidet har vori usikre på om det var rimeleg grunnlag for å gi rom for det og det ordet i ordlista.

Det er klart at det enno står mykje att ugjort. Eg kjem mest dagstøtt over ord som er vanlege i nynorsk, men ikkje er komne med i ordlistene. Men eg kjenner meg overtydd om at det som alt er gjort, vil gagne nynorsk og gagne samarbeidet mellom måla i skole og styringsverk. Utvidinga av ordtilfanget vil vonleg også føre med seg ei noko anna innstilling hos mange lærarar og elevar, slik at dei ikkje blir så bundne av ordutvalet i ordlistene som eg har inntrykk av at mange er. Det gjeld særskilt dei lærarar og elevar som kjenner seg mest ustøe i nynorsk. Likså lite i nynorsk som i bokmål kan ein dra den slutninga at ordet ikkje kan brukast, for det om det skulle slumpe til å mangle i ordlista. I alle fall av lærarane må ein vente ein viss kjennskap til og kjensle av kva som høver inn i målet og stiltonen, slik at dei i nokon monn kan vurdere ubundi av ordlista. Eg er klar over at omsynet til sensur og sensorar spelar inn og gjer mange utrygge. Men også her skulle det at ordlistene gir større spelerom enn før, kunne føre til større liberalitet i vurderinga. På den andre sida må ein da heller ikkje sjå bort frå at den faktiske målbruken og målkjensla set visse grenser som ein ikkje utan vidare kan gå utanom. Det gjeld for begge mål. Her er det evolusjon og ikkje revolusjon som må lette vanskane. Men vi kjem aldri dit at ein kan skrive godt mål berre etter ordlista.

Så kan ein spørje: Finst det da ikkje haldepunkt for ordvalet i sjølve språkstrukturen, og i det ein kunne kalle ei naturleg målkjensle for kva som høver inn i – eller bryt med – vanleg god nynorsk? Jau, eg meiner at det finst det. Og ser ein på den røynlege målbruken hos det store fleirtalet av dei som har skrivi og skriv nynorsk, viser det seg da òg at dei vèl sine ord og uttrykk temmeleg ubundi av det som har stått i ordbøker og ordlister.

Her spelar omsynet til stiltone og stilslag ei viktig rolle – også i nynorsk. I høgtideleg stil må ordvalet bli noko annleis enn i lågprosa. Mellom anna møter vi her det interessante tilhøvet at mange (tyske) lånord både i talemålet og særskilt i nynorsk skriftmål har eit lågare stilverde enn dei tilsvarande norske heimlege orda. Jfr. ord som kjærlegheit – kjærleik, beleile(g) – lagleg, høveleg. "Har du bekomme den der ungen på ærleg vis?" spør ein av Olsøy-gutane moster si. I min barndom heime i Sunnfjord kunne folk vere så belemra med arbeid at dei ikkje hadde tid til å prek(k)evere fisken, som til slutt kunne bli sleip og beklikkeleg å ta i!

Men her skal vi i første rekkje halde oss til det ein kallar normalprosa eller sakprosa. Det er da særleg ei gruppe av ord som er så vanlege, og har ei slik form at dei må reknast til det ein kan kalle adiafora i målet. Det gjeld ord av typen bind, gry, flukt, flykte, feire, kvalm og kvalme, larm og larme, mudder og mudre, mylder og myldre, måpe, sladre, slentre, sludder, sludre, smigre, smekte, smidig osb. Det vil seie ord som har ei slik form, ein slik struktur, at berre filologar av fag kan avgjere om det er gamle, rotnorske arveord, eller om ein har å gjere med eldre eller yngre lånord. Og heller ikkje fagmannen kan alltid svare på det utan å slå etter i sine etymologiske ordbøker. Det er t. d. ikkje lett å sjå at kvile er eit gammalt norsk ord, eit arveord, men tvile er lånt frå lågtysk; heller ikkje at erte er gammalt i målet, men smerte er lånt, eller at både heile og hjerne er gamle, gode norske ord for same omgrepet, nemleg den staden der vettet vårt skulle finnast. Når det blir hevda at slike ord som dei eg nemnde, bryt med god nynorsk, er det ofte reine ordbokslærdommen som ligg til grunn, meir enn ei naturleg målkjensle. Eg hugsar eg ein gong sa i ein samtale med professor Knut Liestøl at ei målkjensle som ikkje reagerte før etter impuls frå Torp: Nynorsk etymologisk ordbok, den gav eg ikkje så mykje for. Og Liestøl, som vel høyrde til våre beste stilistar, var hjarteleg einig.

Dette vil sjølvsagt ikkje seie at ein utan vidare skal godkjenne alle dei lånord som i sin struktur ikkje skil seg frå heimlege ord. Ord som blott, kun, bange vil vel dei aller fleste ha vanskeleg for å godkjenne i nynorsk, men her trengst det da heller ikkje noka etymologisk ordbok for å reagere.

Ei anna ordgruppe der alle kan ta for seg etter eige tykke, er internasjonale kulturord. Her er det i prinsippet ingen skilnad på målbruken i bokmål og i nynorsk. Attpåtil har vi etter kvart nådd fram til noko så nær sams skriftform for slike fremmendord. Og så får det da i norsk som i andre mål vere rom for ulik ordbruk etter ulike stilslag og etter ulik målkjensle. Personleg meiner eg at stilen vinn på at ein ikkje bruker fremmendord i tide og utide – reint bortsett frå at ein bør ta omsyn til dei som skal høyre eller lese det ein har å bere fram. Folks kjennskap til fremmendord er mindre enn mange trur. Det er gjort fleire forsøk som viser dette. Men det skal eg la liggje her.

Men som ein overgang til neste punkt, den nye invasjonen av engelsk-amerikanske ord, nemner eg at vi iblant får innlånt gamle kulturord i ny tyding, og det er ikkje alltid av det gode. Med moderne vaskemaskinar har vi t. d. fått ordet agitator i ein heilt ny funksjon – ny i norsk –, nemleg brukt om den greia som vi – om vi hadde stulla med det sjølve – ville ha kalla noko slikt som rørar eller rotar, eller rett og slett tvore (tvare). Før nøgde vi oss med å bruke volum i tydinga kubikkinnhald, romfang, men no møter ein stadig ord som pengevolum, varevolum, der ein før greidde seg bra med -mengd el. -mengde. Det er særleg gjennom engelsk-amerikansk vi får denne nyinnsprøytinga. Ei avis skreiv t. d. om den amerikanske militærmisjonen i Oslo, og med det meinte avisa sendelaget eller delegasjonen, og ikkje som ein skulle tru: amerikansk misjonsverksemd mellom (amerikanske) militære i Oslo.

I det heile er den veldige påverknaden frå engelsk-amerikansk i dag eit større problem for norsk mål enn stormengda av dei tyske lånorda vi frå gammalt av har lagt hovudvekta på å motarbeide. Storparten av desse gamle lånorda lèt seg i alle fall skrive og uttale etter dei same reglar som gjeld for norske ord. Ikkje slik med dei engelsk-amerikanske orda. Engelsk rettskriving har lenge vori eit problem i engelske skolar; no er ho i ferd med å bli det for norske skolebarn òg, og det vel å merke også når dei skriv norsk. Tenk på eit såpass vanleg ord som sightseeing – det kom guten min og spurde om, han satt og streva med ein stil i folkeskolen – , eller guide, clutch, crawl osb. Held vi fast på den engelske skrivemåten, blir det vanskar med uttalen for dei som ikkje er vel inne i engelsk. Og dersom ordet breier seg med engelsk uttale – eller rettare: norsk-engelsk uttale – , så er det vanskeleg for folk å lære den rette skriftforma; og vanskeleg å lære bøyinga. I arbeidsutvalet i Norsk språknemnd vart det ein gong ein livleg diskusjon over bordet om det skal heite eit tip(p) eller eit tips; og i tilfelle eit tip(p), kva da med ein eller to p'ar? Eller ta det relativt uskyldige ordet bag, som langt på veg har trengt unna veske eller taske. Skal det vere med ein eller med to g'ar, og skal vokalen vere a, eller æ eller e?

Den enklaste typen av lånord frå engelsk-amerikansk er slike som radar, nylon, dvs. dei som lèt seg skrive og uttale etter norske målreglar. Dei er det relativt lett å ta opp i målet. Og i slike tilfelle bør ein òg stø opp under ein skriftrett uttale. Hadde t. d. uttalen nail'n slått igjennom, hadde vi i sin tur fått ta stilling til problemet om ordet skulle skrivast nailen el. neilen.

For dei kategoriane av ord som eg hittil har drøfta, er stòda i prinsippet den same i begge mål – bortsett frå at viljen og evna til å nytte ut det heimlege norske ordtilfanget har vori og framleis er – større i nynorsk enn i bokmål. Men eg minner om at ein av dei mest aktive språkreinsarar – eller om ein vil: puristar – vi har hatt her i landet, det var overlærar Knud Knudsen. Og utviklinga i bokmålet har heile tida vori prega av ein viss purisme eller fornorsking også i ordtilfanget.

Ord med innlånte prefiks som an-, be-, ge- o. fl., eller suffiks som -else og til dels -het (-heit), var Knud Knudsen like mykje imot som nokon målmann. Men elles er nok desse ordkategoriane i dag det største problemet i samarbeidet mellom måla, det vil seie når det gjeld ordtilfanget. Men også her er det grunnlag for ei viss tilnærming. Nynorsk bør kunne ta opp ein del ord som det er god bruk for i målet (slik det t. d. er gjort med mange ord på be-), samstundes som bokmål på si side legg vekt på å bruke dei mange gode synonym eller avløysingsord som finst i dialektane og i nynorsken og som i stor monn alt er tekne opp i bokmålet.

For rettnok er det så at mange ord av denne typen er vanlege i talemålet, men mange av dei høyrer heime i kvardagsmålet. Andre slike lånord er no forelda eller høyrer til eit stivt bokspråk og kansellispråk, og somme er så lange og tunge at det berre av den grunn kan vere til vinning for målføringa å bruke anna ordlegging. Det blir da òg gjort i begge mål, men mest i nynorsk.

Såleis skriv vi da nytte eller bruke for benytte, og t. d. bruk for benyttelse eller endatil avbenyttelse. Vi skriv vilkår for betingelse og samsvar for overensstemmelse. Endinga -ing har kommi i staden for -else i ord som frigjering el. frigjøring for befrielse, øving for øvelse, kunngjering el. kunngjøring (el. lysing) for kunngjørelse el. bekjentgjørelse, og slik vidare i ei lang rekkje ord. Her kjem også det til, at vi i naturleg målføring har mindre bruk for slike verbalsubstantiv på -else (el. -ing), for di vi så ofte bruker verb i staden for tunge omskrivingar med verbalsubstantiv. Vi skriv t. d. at elevane får ein time til å svare på spørsmålet, ikkje: til besvarelse av spørsmålet.

Her skal vi òg merke oss at det i våre dagar er ein markert tendens til å bruke korte rotord i staden for lange avleiingar: avvik, vanske, avtak, fritak, opptak og slik ei lang rekkje på -tak. Ja, på jernbanestasjonane finn vi endatil skilt med innkjør og utkjør for innkjørsel og utkjørsel.

Eg har her nokså mykje sett på problema med særskild tanke på nynorsk. Men mange av dei er sams for begge mål. Spørsmålet om ordutvalet i ordlistene er likevel ikkje det problemet i bokmål som det er i nynorsk. Største rettskrivingsordboka for bokmål – Sverdrup og Sandveis – har gitt stort rom også for særnorske ord frå talemål og litteratur. I dei mindre ordlistene kan det sjølvsagt finnast mange hol i utvalet av ord, også når det gjeld særnorske ord som kan nyttast i bokmål likså vel som i nynorsk. Men det kjem snautt av noko slags medveten freistnad på å stengje slike ord ute frå ordlistene.

Likevel er det ikkje tvil om at det i bokmål kan merkast ein direkte motvilje mot å bruke ord som blir rekna for nynorske. Ofte er det utslag av ein slags trong til å halde målet eller stilen pur og rein, og det kan for så vidt seiast å vere ein slags purisme, det òg. Men den er her retta mot dei heimlege norske orda, ikkje mot lånorda, altså ein purisme med motsett forteikn.

Dessverre trur eg det er lett å konstatere at denne tendensen til å stengje ute gode norske ord i dag er sterkare enn på lenge.

Det heng mykje saman med den språklege reaksjonen mot ymse rettskrivings- og bøyingsformer. Språket er eitt, og reaksjon på eitt område fører i regelen til reaksjon på alle område. Og folk blir oppagiterte og utrygge i si målkjensle. Målkjensla er av gode grunnar nokså labil i vårt land, både til godt og vondt. Det er såleis ikkje anna enn ein måtte vente at ord og vendingar som Norsk Riksmålsordbok karakteriserer som forelda alt i 1920-åra, dei blomstrar no opp att til nytt liv. Og norske ord som såg ut til å vere fast etablerte, blir medveti trengde til side att: ansøkning kjem inn att for søknad og anmerkning for merknad, i henhold til for i samsvar med eller etter. I lærebøkene kan vedtak bli endra til beslutning, og ub. pron. en blir iblant heilt kritikklaust skifta ut med man. Hadde den innstillinga som rår no, vori like sterk for ein eller to mannsaldrar sidan, ville nok mange av dei særnorske orda som i dag er vanlege i bokmål, aldri hatt sjanse til å komme i bruk. Det ville vere til stor skade for ei harmonisk språkutvikling om bokmål også på dette punkt ryggjer tilbake – samstundes som nynorsk også her viser større vilje enn før til tilnærming.

Når det gjeld sjølve skoleopplæringa, bør ein vere liberal i si innstilling og ikkje hefte seg for mykje ved slikt som eg her har kalla "adiafora". I det heile trur eg mindre på tabuførestellingar enn på rettleiing. Poenget er ikkje at vi skal bruke eit norsk ord for di vi ikkje har lov til å bruke eit lånord eller eit fremmendord, men for di det norske ordet er det beste og mest uttrykksfulle – i vårt mål. Eg har stor tru på ei norskopplæring som øver eleven opp i å arbeide med målet sitt og ikkje kritikklaust slå seg til ro med det som først fell i pennen av ord og ordklisjéar, men kjenne gleda over å leite etter – og finne fram til – eit meir råkande og meir innhaldsrikt, eit betre ord. Eg har den tru på ordskatten og uttrykksevna i vårt eige mål at nettopp ei slik innstilling vil føre til at vårt heimlege ordtilfang kan betre hevde seg i tevlinga med det fremmende.

Den engelsk-amerikanske påverknaden på norsk

På årsmøtet i Norsk språknemnd hausten 1959 drøfta vi prinsipielle synspunkt på ordtilfanget og ordvalet i norskopplæringa. I det innleiingsforedraget eg da heldt, kom eg også heilt stutt inn på den språklege invasjonen frå engelsk-amerikansk (sjå s. 9–10.).

Ordskiftet etterpå viste at mange medlemmer, og ikkje minst representantar for pressa, var sterkt opptekne av nettopp dette problemet. Og vi har funni det rett og nyttig å ta opp emnet som eit særskilt punkt på dette årsmøtet. Også ute mellom folk kan ein merke ei stigande interesse – og stigande uro – for utviklinga. Vi har i arbeidet vårt fått mange prov på det. Innlegg i avisene og kringkastinga syner det same.

Problemet er felles for begge mål og skulle liggje særskilt godt til rette for eit fredeleg samarbeid. Situasjonen er jo faktisk den at vi kvar i våre språkleirar fører ein hardsett strid for å verne målet og kulturen mot innverknad frå språkformer som ligg kvarandre så nær at problemet er nærmast at dei glir umerkande inn i målet, men samstundes legg vi måla våre opne for invasjon av ord og skrift- og uttaleformer som det mildt sagt er vanskeleg å innpasse i målet – og som vi veit vil skape alvorlege og langvarige problem både når det gjeld skriftform og uttale. Vi kjempar seigt for at barna våre skal skrive rom med o, eller rum med u, ukse eller okse, no eller nu eller , ekorn eller ikorn, jente eller gjente, men slepp utan minste motseiing inn skriftformer som scooter (med oo for u), team (med ea for i), heade (med ea for e), guide (med ui for ai), sightseeing (med igh for ai, og ee for i).

Det er ikkje lenger spørsmål om leir eller læger, men om camp og camping. For hundre år sidan stod det strid om ein foss skulle kallast ein foss (Fos) eller eit vannfall (Vandfald). I dag kan ein langs vegane finne skilt med waterfall, som turistane bør stogge og sjå på. Og stundar det mot natta, er det rums til leige. Problemet om stemna eller stemnet eller stevnet blir løyst ved at vi går over til festival. I Bergen har vi ein årleg musikkfestival. I Stavanger har dei i sommar (1960) hatt ein songarfestival og i Tananger ein fiskefestival.

Nynorskfolk har med ein viss rett hevda at det bør heite loddbeint og vassbeint og ikkje loddrett og vannrett eller vassrett. No har vi omsider godkjent loddrett og vassrett, men i levande målbruk er desse orda sterkt unnatrengde av vertikal og horisontal. Samordning eller sammenslutning blir uttrengt av integrasjon. Vi har fått vertikal og horisontal integrasjon. Norsk Riksmålsordbok definerer uttrykket vertikal sammenslutning, men det er nok alt forelda. Ein landbruksskolestyrar gjorde i Nationen framlegg om å bruke loddrett samordning i staden for vertikal integrasjon i jordbruket. Ein yngre forskingsassistent gjekk med på at det så nokolunde dekte meininga, men la til: "Eg trur likevel nordmenn er såpass "English minded" i vår tid at eit slikt konstruert namn truleg vil ha vanskar med å skyve ut "vertikal integrasjon", som trass alt har fått litt hevd i norsk målbruk." Landbruksskolestyraren svara til det at han tvilte på at vanlege bønder er noko særleg "English minded" enno. "Og" – legg han til – "det ville være synd om de skulle bli det. Nei, norsksinnet bør de være, det gjelder også forskerne."

Legg merke til at skolestyraren skriv bokmål, forskingsassistenten nynorsk. Viktigare enn motsetninga bokmål-nynorsk synest her generasjonsskilnaden vere. Skolestyraren høyrer til ein eldre generasjon. Den unge forskingsassistenten gir elles ei god utgreiing om kva vertikal integrasjon vil seie, og som eit døme på vertikal integrasjon i visse jordbruksgreiner nemner han at i USA "reknar dei no at mellom 90 og 95 pst. av broilerproduksjonen er vertikalt integrert". Eg går ut frå at alle veit kva broiler er for noko, men for ordens skuld skal eg opplyse at det her tyder det vi kunne kalle gjøkylling.

Eg skal ikkje trøtte med for mange døme; alle som les aviser, kan skaffe materiale her. Av lesefrukter under førebuinga til dette foredraget skal eg berre ta med eit tilfeldig utplukk. Vi har lenge hatt småbilar av europeisk fabrikat, og til dels minibilar (eng. minicars), som visstnok er mindre enn småbilane. No har også amerikanarane teki til å lage småbilar, som elles ikkje er små – etter våre forhold i alle fall – og som da heller ikkje kallast småbilar, men "compact cars". Ein kompakt bil er altså ein "samantrengd" bil – og ikkje ein "heilsveisa" bil, som kanskje nokon kunne tru.

Ein kjend bokmeldar (eller rettare: bokmelderske) skriv om eit dyr som "nestler seg med klosset ynde inn i alle hjerter". I ei Reuter-melding les vi om Khrusjtsjov som i ein tale i hovudforsamlinga appellerte til "følelsen av rasemessig og nasjonal frustrasjon".

Ei avis laga stor reportasje på ein amerikanar i NATO-bil som avisa hevda var innblanda i eit tilfelle av fyllekjøring, men ein informasjonssjef (som etter namnet å dømme såg ut til å vere nordmann) hevda at verken NATO eller nokon amerikanar var involvert. Avisa sjølv brukte uttrykket innblanda.

Problemet er stort sett det same i alle nordiske språk, i dansk og svensk, og i finsk. Det merkelege fenomenet at visse vareslag, t. eks. sigarettar, ha engelsk tekst, går att i alle måla. Likeins det sterke innslaget av engelsk i reklame og vareomsetning. Noko som igjen heng saman med den appellen engelsk har til kjøparane. Ein finsk språkforskar fortalde meg om eit opplysande tilfelle som han sjølv hadde frå første hand. Eit finsk firma hadde sendt ut på heimemarknaden kaffi – trur eg det var – i boksar med finsk tekst. Men salet gjekk heller smått. Firmaet fekk så laga nye papiretikettar med engelsk tekst til dei same boksane, og så gjekk partiet unna på kort tid – for ikkje å seie på no time!

Av ein bunke avisutklipp som sekretariatet i Dansk Sprognævn har sendt meg, og som er eit utval av redaksjonelle og innsende artilklar frå dei siste månadene, verkar det som danskane jamtover er meir opptekne av problemet enn vi. Både i hovudstadspressa og i lokalblada er det talrike innlegg mot alle anglisismane eller amerikanismane.

I tidsskriftet Dansk Reklame kritiserer såleis ein høgsterettssakførar bruken av fremmendord i annonsane. Han vil "meget nødig rubriceres som fanatisk sprogrenser", men han kan ikkje begripe "hvorfor man i en annonse for nylig om en kuglepen fremhævede dens 'design' som værende af højeste kontinentale klasse". I ein annonse frå eit reklamebyrå heitte det "Vil De bo på Strandpromenaden – en virkelig attraktiv villa til salg". Eit anna reklamebyrå averterte etter "kreativ kraft til Norge" – som også måtte ha "udpræget evne til at visualisere en salgsidé".

I ein samtale med Berlingske Tidende peiker redaktøren av Berlingske Fremmedordbog på at engelskpåverknaden t.eks. i manufakturbransjenl er så stor at det endatil blir sett engelsk fleirtals-s til eldre tyske lånord som slåbrok, altså slåbroks. (I ei norsk avis stod den engelsk-norske forma strekks for strekkbukser.)

Ein leiar i Information tek òg for seg reklamen og påtalar den reint slaviske overføringa av engelske namn og omgrep, som nok tener eit formål i heimlandet, men inga meining har for danske lesarar: "Der findes et vaskemiddel, som hedder Surf. Det udtales Sørf, men man hører det tit sagt med u. Hos folk i engelsktalende lande fremkalder selve ordet utvivlsomt et billede af hvidt skum, thi surf er jo brændingen langs kysten, selve den bølge, der ruller mod land og brydes til skum paa stranden. Surf med u er derimod bare en sammensætning af bogstaver! Hele den sindrigt udtænkte appel til underbevidstheden er spildt paa gulvet. Og alligevel sælges varen. –

Udenlandsk skal det være. – – En 13-aars tøs, der skal have en ny frakke, er en teen-age-pige, som skal have en helulden fleece velour eller en 3/4-lang autocoat i smaakrøllet kalgan-teddy. Man bliver smaakrøllet i hovedet af at læse alle de ord, hvis man ønsker at forstaa, hvad man læser. Men der er ikke noget at stille op. Snobberiet er indgroet." Som ein forstår, ser bladet nokså pessimistisk på utviklinga – med rette.

Pessimistisk er også Aalborg StiftstideIlde som skriv: "Vi er efterhaanden naaet saa vidt, at den ældre generation ikke mere kan forstaa det moderne danske skriftsprog, som det fremtræder navnlig i de farverige reklamer, der næsten hver dag puttes ind gennem brevsprækken." Og avisa illustrerer påstanden med eksempel som bl.a. desse: "Her ses en alterdreng, der tænder vore candles paa kirkens alter." "Kendskab til oliepipelines en fordel." "4-speed pladespineren med indbygget push-pull forstærker."

No er det òg å merke seg at dansk jamtover har ein tendens til å ta opp og halde fast på lånorda meir i rå tilstand enn vi vanlegvis gjer. Det gjeld både skriftform og uttale. Svensk har fått tonåring og norsk (til dels) tenåring, medan dansk har teenager. Svensk har med uttalen nylån tilpassa nylon til andre ord på -on; norsk har tilsvarande nylon (vsa. nailen), medan dansk uttale er nailen, enda det vart gjort forsøk på å innarbeide nylon der òg.

Svensk har elles til dels gått lenger enn norsk i å nasjonalisere uttalen i samsvar med skriftbiletet. Svensk har t. d. fått uttalen bag(g), camping, bandy, match, gangster, tank – alle med -a-. Det siste ordet har vi elles både som eldre lån med heimleg og som yngre lån med fremmend uttale: tank om oljetank, tankvogn; men tænk (el. tank) om krigsreiskapen.

Og no er vi komne inn på det som skaper særskilde problem ved lån frå engelsk-amerikansk.

For det første har engelsk ein del bokstavteikn som ikkje er vanlege i norsk (c, q, w, x, z), og ei rekkje vokal- og konsonantsamband som ikkje finst i norsk, dvs. ikkje i same staving, slike som ay, oa, oo, au, oy og gh, ght, sh.

For det andre har engelsk ein del lyd som ikkje vi har. Dette gjeld sjølvsagt også andre språk som vi har lånt og låner frå. Men når hertil kjem at det i engelsk er ein utprega mangel på fast samsvar (korrespondanse) mellom skrift og uttale, og at vi derfor får kryssande innverknad frå engelsk skriftform og engelsk uttale, så blir det særleg vanskeleg å utvikle ein fast låneteknikk eller overføringsteknikk ved lån frå engelsk, slik det til dels har utvikla seg ved lån frå klassiske mål eller frå fransk og tysk (t.eks. f for ph, -sjon for -tion o. l.). Også dei gresk-latinske orda som vi låner frå engelsk, tilpassar seg i regelen det vanlege mønsteret både i skrivemåte og uttale: integration blir teki opp i forma integrasjon, og structure i forma struktur. Unnatak finst nok; vi har fått både kombinasjon og combination (utt. kombine(i)sjen), om no ikkje det siste ordet er gått ut av språket saman med tingen. Skulle "public relations" komme til å halde seg i målet, vil neppe relation bli relasjon.

Når det gjeld eldre lån frå engelsk-amerikansk (og med eldre lån reknar eg lån heilt fram til siste krigen), må ein seie at målet har vist stor evne til å assimilere dei, tilpasse dei til det språklege mønsteret. Ved mange av dei har vi anten fått norsk uttale etter skriftbiletet, eller norsk skrivemåte etter den engelske (el. engelsk-norske) uttalen. Eg kan nemne ord som jungel, kveker, røff og tøff, stuert (no lånt på nytt i engelsk form: steward – og stewardess), jobb, koks, trål. Også dei vanskane ein møter ved innpassing av engelske lånord i norsk bøyingssystem, ser ut til å kunne jamne seg etter kvart. I si doktoravhandling om English Loanwords in Modern Norwegian med materiale frå 1930-åra, fører dr. Aasta Stene opp fl. films vsa. filmer. Den første forma kan ikkje lenger brukast i norsk. Til dels får vi overføring av fleirtal til eintal: trick, tricket, fl. tricks går over til triks, trikset, fl. triks. Eit tip, tippet, fl. tips kan bli til eit tips, tipset, fl. tips. Hankjønnsord får ved ei liknande utvikling eit bøyingsmønster som svarer til ting, tingen, fl. ting. Såleis t. d. drops, dropsen, fl. drops, kjeks, kjeksen, fl. kjeks. Ein kan òg høyre og sjå eintalsformer som tanks, tanksen.

Ved ord som bag, cup, jet har vi vanskar med bunden form einta1. I regelen tyr ein til apostrof, t. d. bag'en, cup'en. Vansken blir løyst om og når ordet får dobbeltkonsonant, t. d. jobb, jobben. Iblant får vi dobbeltkonsonant føre vokal i bøyingsending, t. d. run (utt. rønn), runnet (på banken), men dette er mot vårt noverande system, derimot høver det med dansk, og med eldre dansk-norsk.

Men ei mengd engelske lånord har haldi på si engelske skriftform og dermed også på skilnaden mellom skrift og uttale, t. d. bacon, back, clutch, crawl, crawle, cruise, fair, guide, pumps, purser, sheriff, shorts, week-end, yacht. Og her må vi sjå i auga at med den alt meir utbreidde kjennskapen til engelsk vil det i framtida bli meir vanskeleg å nasjonalisere dei engelsk-amerikanske lånorda slik at dei blir i samsvar med vårt norske skrift- og uttalesystem. Det vil igjen seie at den tilpassing eller innpassing av lånorda i norsk som ein før kunne gjere seg von om, den vil i framtida bli reine unnataka. Vi har fått gir for gear, men vil ha vanskelegare for å få tim for team; vi har fått biff for beef, men kan i dag vanskeleg tenkje oss jip for jeep; vi har intervju for interview, men kan vi få jus for juice? Svensk har prøvd på å nasjonalisere dette ordet, men eg er ikkje sikker på at det vil slå igjennom i den svenske forma.

Sekretæren i Nämnden för svensk språkvård, professor Gösta Bergman, åtvarar elles mot å vere for snar med å omstave dei engelske lånorda. Mange av dei blir ikkje så gamle i språket, eller dei høyrer til i krinsar som er fortrulege med engelsk. Men også når det gjeld ord som går inn i det allmenne ordtilfanget, meiner Bergman ein bør vere varsam med å endre skrivemåten, bl.a. på grunn av den særstilling engelsk har i skoleopplæringa, og den utbreidde kjennskapen til engelsk. Tilsvarande synspunkt gjer seg nok meir og meir gjeldande også for norsk. Typisk for den endra situasjonen er at sideforma metsj for match vart teken bort under arbeidet med læreboknormalen. Og det var nok utan tvil rett, for så vidt som metsj vel ingen sjanse hadde til å slå igjennom. Norsk Riksmålsordbok har oppslagsforma rostbiff som eineform. Norsk språknemnd har vedteki roastbiff, og eg har sjølv vori med på ferda – men kunne mest ha lyst til å protestere for all verda.

Endatil ei så enkel og liketil fornorsking som å la lånordet følgje norske kvantitetsreglar og la kort vokal i trykksterk staving etterfølgjast av lang konsonant, vil neppe bli så heilt liketil lenger. Vi har fått dobbeltkonsonant i jobb, snobb, klubb, tipp, men skal få vanskar med t. d. jett for jet. Vi har eit eldre (munnleg) lån sjapp og same ordet som nyare lån i forma shop, og vi skal nok måtte vente lenge før vi får skrive det sjopp.

Dette er da enda ein grunn for oss til å demme opp det vi kan for flaumen av engelske lånord. Og av same grunn bør vi stø opp under bokstavrett uttale når det er mogleg, og t. d. seie jass og nylon beint fram, så vi på den måten kan få samsvar mellom skriftform og uttale, og ikkje seinare blir stelte overfor problemet om vi skal skrive "nailen", eller "(d)jæss".

Skal vi vurdere situasjonen realistisk, må vi ha klart for oss at innverknaden frå engelsk vil auke og ikkje minke. Det engelsk-språklege området har og vil ha ei dominerande stilling politisk, økonomisk og kulturelt. Kontakten med desse landa blir alt sterkare, kjennskapen til engelsk alt større. Med ny teknikk og nye varer vil nye nemningar fløyme inn over oss. Studieopphald i engelsktalande land, engelsk faglitteratur, aukande fagleg samarbeid vil setje alt sterkare spor etter seg i norsk. Berre tenk på flyteknikken og fly terminologien. Med utvida samhandel vil vi få meir og meir av engelske varenamn og engelske varedeklarasjonar, og dertil får vi engelsk tekst på norske varer som skal seljast i utlandet, slik vi lenge har hatt det på hermetikken vår. Vi får aukande samkvem og aukande flaum av turistar.

Det er såleis dystre utsikter for ein reindyrka purisme. Og for den som hevdar at også omsetjingslån er av det vonde, blir situasjonen nokså vonlaus. Det vi kallar omsetjingslån eller tydingslån er det i regelen liten grunn til å kjempe mot, enda somme av dei nok kan synast unødvendige, som t. d. ta av istf. lette om fly. (Eg ser sjølvsagt bort frå reine omsetjingsbommertar.) Men alle språk som står i kontakt med omverda og med andre språk, vil utvikle seg og omformast ved tydingslån. Eg har såleis i og for seg lite imot lån av typen gå inn for, det er opp til deg, følgje opp osv. Det er også klart at omsetjingslånet kjøpesenter (el. butikksentrum) er betre enn shoppingcenter, froskemann er betre enn frogman, tenåring betre enn teenager. Det er nettopp ved lån av dette slaget vi kan dyrke og bygge ut vårt eige mål. No er det mange som seier at lånordet har ein tydingsnyanse som det norske ordet ikkje har. Og det er for så vidt rett nok. Men da bør ein hugse at det er bruken som gir ordet tydingsnyansane. Goodwill har nok tydingsnyansar som ikkje godvilje utan vidare har, men som det fort ville få om vi brukte det på tilsvarande måte som goodwill, og slik det til dels har vorti brukt.

Men evna til å finne dekkjande ord og uttrykk i morsmålet er ikkje så stor hos alle. Og her spørst det om ikkje ei altfor einsidig språkopplæring etter direkte metode har auka vanskane for oss i møtet med fremmendspråket. Elevane lærer morsmålet og fremmendspråket kvart for seg og får ikkje den kjennskap til det heimlege ordtilfanget og den øving i å utnytte uttrykksevna i sitt eige mål som nettopp omsetjing gir.

Vi må gjerne ta opp ord frå engelsk, men vi bør ikkje som det heiter, lese engelsk for å sluke, men for å sjå kva vi kan bruke. Ei mengd ord har ei form som gjer det etter måten lett å innpasse dei i målet, t. d. ord som radar og radio. Det same gjeld mange ord av gresk-romersk opphav, som vi låner over engelsk. Ord som integrasjon og automasjon er det i og for seg ikkje vanskeleg å ta opp – om vi da har bruk for dei. Når det gjeld ord på -sjon, skal vi elles vere klar over at engelsk har verbalsubstantiv på -tion i mange tilfelle der vi heller lagar dei meir direkte til verbet med endinga -ing. Automatisering er etter mitt syn eit laglegare ord i norsk enn automasjon. I NRK frå Roma-olympiaden var det ein reporter som tala om "diskvalifikasjonen" av ein idrettsmann; men det var vel helst engelsk påverknad; i norsk heiter det no vanleg diskvalifisering.

Vi bør heller ikkje vere altfor redde for å fornorske skrivemåten til ord som er komne inn i språket for å bli. Norsk språknemnd har t. d. vedteki å jamstelle skrivemåtane jazz og jass, slik svensk har gjort det før. Platetekstene vil nok vere ei hindring for -ss, men det er i og for seg ei fornuftig skriftform til uttalen jass.

Under det sterke språklege trykket utanfrå er det viktig med språkleg kontakt og samarbeid med dei nordiske grannemåla. Dei nordiske språknemndene har lenge registrert nye ord, særleg frå dagspressa. Dei årlege listene inneheld mengder av engelsk-amerikanske lån, men også mange vellykka omsetjingslån og andre avløysingsord som er i bruk i eitt eller fleire av måla. Desse orda kan til vanleg lett overforast til eit anna nordisk mål, særleg om det skjer på eit tidleg tidspunkt før lånordet har sett seg fast, og særleg om presse og kringkasting samarbeider. Det er viktig at dette arbeidet vårt med dei nye orda ikkje blir berre passivt registrerande, men at nemndene aktivt går inn for å halde uønskte ord ute og hjelpe fram gode nylagingar og avløysingsord. Vellykka resultat av slik aktiv språkrøkt er plast for plastic, som først vart lansert av svenskane. Avløysingsorda köpcentrum og butikkcentrum er alt registrerte i den svenske lista frå 1956. I den danske lista frå same år er registrert samvelde for commonwealth, med tilvising til norsk samvelde. Den svenske lista frå 1955 opplyser at Nämnden för svensk språkvård har tilrådd skrivemåten skoter for scooter. Og den norske lista har registrert skrivemåten krasje for crashe. Og slik kunne ein halde fram og gi døme på ord som kan gi grunnlag for ei meir aktiv språkrøkt.

Men la meg berre til slutt minne om den makt og det ansvar som pressa har når det gjeld både nylåning og nyskaping. Og kor viktig det er at ein registrerande og rådgivande institusjon som språknemnda følgjer godt med i pressa. Stor vekt må det òg leggjast på samarbeidet mellom nemnda, ordboksarkiv og enkeltpersonar. Endeleg er det viktig at pressa er klar over at det finst institusjonar som språknemnda og ordboksarkiva som det ofte kan vere nyttig å ta kontakt med.

Tillegg

Drøftingane i Norsk språknemnd etter mitt innleiingsforedrag var positive og viste at medlemmene var urolege over utviklinga og sterkt interesserte i at nemnda gjorde ein aktiv innsats på denne språkfronten. Særleg gledeleg var den positive reaksjonen i pressa. Det galdt òg mange aviser som har stilt seg avvisande til mest alt som har kommi frå språknemnda. Foredraget vart trykt som kronikk i Aftenposten (25.–26. oktober 1960). Det ser ut til at det lèt seg gjere å ta opp visse samarbeidsoppgåver på det språklege området som flest alle vil slutte opp om, og at tiltak til å bremse på uheldig innlåning av fremmendt språkstoff er ei slik oppgåve.

I samsvar med synsmåtane i innleiingsforedraget og drøftingane på årsmøtet gjorde Norsk språknemnd samrøstes dette vedtaket:

"Norsk språknemnd har drøftet de problemer som den økende engelsk-amerikanske påvirkning på norsk språkbruk reiser. Nemnda ser det som en av sine hovedoppgaver i samarbeid med presse, kringkasting og andre interesserte å motvirke en ukritisk og uheldig innlåning. Nemnda ber arbeidsutvalget mest mulig å intensivere dette arbeidet og på neste årsmøte komme med framlegg til konkrete tiltak."

Den første arbeidsoppgåva for nemnda var naturleg nok å skaffe eit best mogleg oversyn over språktilstanden og derfor utvide og intensivere det innsamlings- og registreringsarbeidet som nemnda frå før har drivi. Det vart derfor sendt rundskriv med oppmoding til filologar og andre interesserte om å hjelpe nemnda i dette arbeidet. Det galdt (og gjeld) da i første rekkje å følgje med i særskilde aviser og tidsskrift og skrive ut ordtilfang og anna språkleg tilfang av interesse. I rundskrivet vart det òg gjort klart at registreringa ikkje berre gjeld nye lånord, men også døme på heimlege ord som blir brukte som avløysarar for lånord, t. d. ikkje berre shoppingcenter, men òg kjøpesenter eller butikksentrum, ikkje berre teenager, men òg tenåring. Dessutan døme på fornorska skrivemåte av eldre og yngre lånord, t. d. krasje for crashe, kløtsj for clutch og liknande. Endeleg er det fritt for å ta med etter beste skjønn også andre språklege fenomen som det er grunn til å tru kan vere av interesse for nemnda, anten det no gjeld ordtilfang, rettskriving, formverk eller syntaks.

På denne måten har nemnda fått innsamla ein god del materiale, om enn av noko skiftande kvalitet etter kvalifikasjonar og anlegg hos utskrivarane. Nemnda er stadig interessert i å komme i kontakt med filologar, journalistar og andre med lyst og tid til å vere med på dette dugnadsarbeidet. Det same gjeld fagfolk på ulike område; ofte er det dei som først møter problema og best kan finne brukande løysingar.

Eit liknande arbeid blir gjort i dei andre nordiske nemndene, og eit utval av det innsamla materialet har vori utveksla mellom nemndene og publisert i årsskriftet Nordiske språkspørsmål. På dei årlege kontaktmøta mellom språknemndene i Danmark, Finland, Sverige og Noreg har spørsmålet om nye lånord og nye ord i det heile ofte vore emne for drøfting. På møtet i Oslo i 1962, der også Island var representert, tok vi særleg for oss den sterke påverknaden frå engelsk-amerikansk. Eg heldt også der eit innleiingsforedrag – som naturleg nok både i synsmåtar og i mange einskildpunkt fall nær saman med det foredraget som er prenta ovanfor. Min konklusjon var at nemndene burde engasjere seg meir aktivt på dette mest aktuelle området for ei nasjonal og nordisk språkrøkt – og at utsiktene til at det skulle komme noko positivt ut av strevet vårt, var gode. Ordskiftet etterpå viste at det rådde semje om at språknemndene i dei nordiske landa burde samarbeide om å bøte på dei uheldige utslag av det språklege presset utanfrå. Det praktiske opplegget av det nordiske samarbeidet på dette området skal drøftast på eit særskilt sekretærmøte. Møtet rådde elles til at nemndene legg vekt på å gi tilrådingar om dei mest uheldige lånorda og konsentrerer sitt arbeid om ord frå det allmenne ordtilfanget. Slike tilrådingar om nye ord og avløysingsord bør sendast til dei andre nemndene til kommentering, men med ein viss svarfrist. Sidan tidsmomentet ofte er viktig, bør ein unngå at det nasjonale rådgivingsarbeidet blir for mykje seinka av rådleggingar nemndene imellom. Nemndene bør samarbeide med dei faglege instansar som er nærmast til å gi tilråding om dei meir faglege nemningane.

Norsk språknemnd har (hausten 1962) sett ned eit særskilt utval til å arbeide vidare med desse spørsmåla og gi tilrådingar om slike tilfelle der det synest ønskjeleg å gripe inn for å hindre at ein uheldig språkbruk fester seg. Med i dette utvalet er forfattaren Odd Bang-Hansen, universitetslektor Alfred Jakobsen, programredaktør Hartvig Kiran og eg sjølv.

Er det så von om å få allmenn tilslutning til ei meir aktiv språkrøkt på dette området? Det trur eg det er. Mykje tyder på at vi her har eit særskilt høve til å vekkje forståing og interesse for verdet av ei aktiv språkrøkt både på nasjonalt og nordisk grunnlag.

Min optimisme byggjer eg bl.a. på den resonans vi fekk i pressa på drøftingane på årsmøtet i nemnda og som er omtala ovanfor. Også på andre måtar kan vi konstatere at pressa interesserer seg for spørsmåla. Eg skal her nøye meg med å nemne den vellykka freistnad som Arbeiderbladet gjorde sommaren 1961 på å aktivisere lesarane på dette området. Dei mange lesarinnlegga og framlegga vitna om både stor interesse og godt målvett. Av framlegga kan nemnast bilkino for drive-in-kino, flygebåt el. vingebåt for hydrofoilbåt, mjukis (finst i svenk) el. fløyelsis (tilsvarande i finsk) for soft-ice, myldretid (finst i dansk) for rushtid, plateboks for juke-box, rundtur el. kringsjå for sightseeing. Vidare var det framlegg om fornorska skrivemåtar som ketsjup, kløtsj, røsj, skuter.

Eg nemner òg den positive reaksjonen frå både lærarar og elevar på eit program som universitetslektor Einar Lundeby og eg hadde om emnet i skolekringkastinga hausten 1961 (med reprise våren 1962).

Ved ei nøktern og avbalansert språkrøkt skulle vi såleis kunne oppnå å bli kvitt nokre av dei verste utvekstane, og vekkje sansen i vidare krinsar for verdet av å verne om og dyrke morsmålet. Og det er da òg først da at det vil gro etter arbeidet. Det språknemnda eller nemndene kan få gjort ved direkte tiltak eller inngriping, kan ikkje bli anna enn krusningar på overflata dersom det ikkje lykkast å vinne brei oppslutning om strevet vårt. Men ved eit godt samarbeid mellom nemnda, skolen, pressa, forretningsstanden og andre faglege instansar kan språklege verdiar vernast og vinnast. Og det språklege verne- og odlingsarbeidet heng nøye saman med det allmenne kulturvern som no er tvingande naudsynt om vi skal greie å berge vår nasjonale identitet frå å bli borte i smeltedigelen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.11.2004 | Oppdatert:15.01.2021