Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Fakta om nynorsk

Her har vi samla nokre viktige fakta om nynorsken i dag.


Nynorsk og bokmål er to former for norsk

Nynorsk og bokmål er to likestilte målformer i Noreg. I ordet målform ligg det at vi reknar nynorsk og bokmål som to former av det norske språket. Nynorsk og bokmål har vore likestilte sidan 1885, då Stortinget vedtok å likestille «det norske Folkesprog» med «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» som «Skole- og officielt Sprog».

Nynorsk er eit skriftspråk i og for heile Noreg

Nynorsk og bokmål er offisielle målformer i heile Noreg – og dei er begge skriftspråk for heile Noreg. Sidan bokmål er meir brukt enn nynorsk i det norske samfunnet, legg ein del bokmålsbrukarar ikkje merke til at nynorsk er eit språk som mange brukar i kvardagen. Undersøkingar viser at om lag ein halv million nordmenn brukar nynorsk privat, anten som einaste målform eller ved sida av bokmål. Dessutan brukar mange nynorsk i arbeidet sitt.

Du skal ikkje leite lenge for å finne nynorsk. Folk skriv alle slags tekstar på nynorsk: bloggar, reklame, avisartiklar, doktoravhandlingar, SMS-ar, songtekstar og stortingsmeldingar. Nynorsk er eit språk som kan brukast på alle samfunnsområde. Det er nett dette som er målet med den offisielle norske språkpolitikken, at både nynorsk og bokmål skal halde fram med å vere samfunnsberande språk i og for heile Noreg.

Nynorsk er både hovudmål og sidemål

I Noreg er nynorsk og bokmål offisielle og likeverdige målformer. Dei er begge hovudspråk i det norske språksamfunnet. I skulen har elevar eit hovudmål og eit sidemål. Dersom nynorsk er hovudmål, er bokmål sidemål – og motsett.

Nynorsk og bokmål er begge blandingsspråk

Både nynorsk og bokmål er blandingsspråk med element frå mellom anna norske dialektar, eldre dansk skriftspråk, tyske lånord frå mellomalderen og nyare lån frå engelsk. Alle desse elementa finst i begge målformene, men blandingstilhøvet mellom dei ulike elementa er ikkje det same i dei to målformene. På kvar sin måte speglar nynorsk og bokmål att den norske språkhistoria og tilhøva i samtida.

Nynorsk er eit skriftspråk som byggjer på dialektane

Nynorsk er eit skriftspråk – og ikkje ein dialekt. Nynorsk er eit talemålsnært skriftspråk som har sitt opphav i Ivar Aasens skriftfesting av dei norske dialektane. Mange kan finne mykje i sine dialektar som dei kjenner att i nynorsken, men ingen kan vente å finne att alle detaljar frå sin eigen dialekt.

At nynorsk er talemålsnært, vil først og fremst seie at ein helst skal uttrykkje og ordleggje seg på ein måte som ikkje er meir komplisert og snirklete enn naudsynt. Sei ting som dei er – ver konsis og ikkje pakk bodskapen inn med overflødige ord!

Nynorsk er eit stort språk i verda

Det blir ofte sagt om norsk at det er eit lite språk. Om vi reknar med om lag fem millionar norsktalande, er det talet sjølvsagt lågt om vi jamfører med dei største språka i verda, mandarinkinesisk (850 millionar førstespråksbrukarar), spansk og engelsk (om lag 330 millionar kvar) og arabisk (om lag 220 millionar). Men om vi ser i eit globalt perspektiv, er norsk eitt av dei verkeleg store språka i verda. Den amerikanske basen Ethnologue. Languages of the World rangerer norsk som nummer 132 av 6 909 språk dei har opplysningar om. Det vil seie at 98 prosent av språka i verda har færre brukarar enn norsk. Og med sine minst 500 000 brukarar er nynorsk òg eit stort språk i verda.

Nynorsk er ny norsk

Då Ivar Aasen skriftfeste nynorsken, var han ute etter å lage eit skriftspråk som skulle vere ein syntese av dei norske dialektane. Han ønskte ikkje å gå tilbake til det gammalnorske (norrøne) skriftspråket. Om vi ser på norsk språkhistorie, er det vanleg å kalle språket fram til svartedauden (ca. 1350) gammalnorsk. Språket i perioden frå svartedauden til reformasjonen (1536) er det vanleg å kalle mellomnorsk. Då følgjer det logisk at den språkhistoriske perioden etter det blir kalla nynorsk. Og Ivar Aasens føremål med arbeidet sitt var å lage eit skriftspråk som byggjer på nynorske dialektar. Derfor kan vi med rette seie at nynorsk er ny norsk.

 

Sist oppdatert 5. juli 2012

 

Odd Nordstoga og ein halv million andre brukar nynorsk kvar dag. 
 Foto: Ingar Haug Steinholt / Aftenposten / Scanpix
Odd Nordstoga og ein halv million andre brukar nynorsk kvar dag. Foto: Ingar Haug Steinholt / Aftenposten / Scanpix
 
Utviklet av Gazette