Mållova

Mållova (lov om målbruk i offentleg teneste) regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten. Her finn du viktige rettar for deg og viktige plikter for staten.

  • Du skal få svar frå eit statsorgan i den målforma du sjølv har nytta i brevet til statsorganet.
  • Skjema, til dømes sjølvmelding og vigselattest, skal vere tilgjengelege i begge målformer. Det same gjeld det lova kallar «løyve og faste formular», som til dømes pass og førarkort. I somme tilfelle finst begge målformene i eitt og same dokument, som i passet, medan det i andre tilfelle blir tilbode både bokmåls- og nynorskversjon, som fødselsattest.
  • Kommunar har rett til å velje i kva målform dei vil ha skriv frå staten. Vedtaket blir gjort av kommunestyret og kallast målvedtak. Målvedtaket i kvar kommune dannar òg utgangspunktet for fleirtalsmålforma i eit område.
  • Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, til dømes ein annonse som gjeld nokre få kommunar, skal vere i fleirtalsmålforma for området – det vil seie den målforma dei fleste av kommunane i området har valt.
  • Sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som dekkjer landet som tenestekrins, er språkleg nøytrale. Dei skal veksle mellom nynorsk og bokmål. På nettsider, i stillingsannonsar og i rapportar og anna skriftleg tilfang skal ingen av målformene vere representerte med mindre enn 25 % hjå sentrale statsorgan.
  • Når lokale og regionale statsorgan informerer på nettsider, i stillingsannonsar, rapportar og anna skriftleg tilfang, skal dei bruke tenestemålet sitt. Tenestemålet blir fastsett på bakgrunn av fleirtalsmålforma i området.

Språkrådet fører tilsyn med målbruken i sentrale statsorgan. Me veit at mange av språkbrukarane i ein del tilfelle ikkje får oppfylt rettane sine. I dei aller fleste tilfelle er det nynorsken som er underrepresentert og ikkje blir bruka slik han skal.

Målvedtak i kommunane

Kommunane har rett til å velje i kva målform dei vil ha skriv frå staten. Vedtaket blir gjort av kommunestyret og kallast målvedtak.

På Lovdata ligg ei oversikt over kommunanes målvedtak etter forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter