Desse retningslinjene er meinte som råd for dei som ønskjer eller er pålagde å bruke nynorsk eller bokmål som grunnlag for talen sin (f.eks. i radio og fjernsyn). Råda kan også vere til hjelp for dei som skal lese opp tekstar, f.eks. skodespelarar, og for dei som syng i kor og treng rettleiing om ein felles uttale.
Råda på denne sida gjeld uttale av standardspråka nynorsk og bokmål. Standardspråkuttalen byggjer på skriftbiletet. Ut over det grunnlaget råder vi deg til å byggje uttalen på ditt eige regionale eller lokale talemål. Ingen lokale talemål skal reknast som «rettare» enn andre eller meir «overregionale».
I norske stadnamn skal ein følgje tonelag, trykkplassering og bruk av bestemt eller ubestemt form etter mønster frå den lokale uttalen. Vi tilrår oppslagsboka Norsk stadnamnleksikon (Det Norske Samlaget 1997).
Tal skal uttalast etter teljemåten som vart fastsett ved stortingsvedtak i 1950 og kongeleg resolusjon i 1951. Tiaren kjem då føre einaren: tjueein, trettiåtte, førtifem.
Sist oppdatert 17. januar 2013
Språkrådet får ofte spørsmål om kva som er den rette uttalen av ord. Då kan det vere greitt å vite at Språkrådet ikkje normerer talespråket. Språkrådet forvaltar rettskrivinga for nynorsk og bokmål. Vi gjev likevel råd om uttale.