Nynorskrettskrivinga – brev til høyringsinstansane 2002

30. oktober 2002

Styret i Norsk språkråd sender med dette ut høyringsnotatet Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk. Vi ber dykk senda fråsegner og merknader innan 15. desember 2002.

Bakgrunnen for utgreiinga er at Kulturdepartementet i brev 5.12.2000 bad Språkrådet greia ut spørsmålet om ei nynorsknorm som ikkje skil mellom ein læreboknormal og ei vid rettskriving. Styret i Språkrådet sette ned ei gruppe til å arbeida med spørsmålet, og heile nynorskseksjonen i rådet har drøft saka på to møte. Møtet 13.5.2002 vedtok retningslinjer for eit framlegg til revidert nynorsknorm, og gruppa har bygt på dette vedtaket i utgreiinga si. I vedlegget finn de òg ei framstilling av synet til mindretalet i seksjonen. Utgreiinga tek opp generelle og prinsipielle spørsmål i kapittel 1, dei konkrete framlegga i kapittel 2 og 3 og ei framstilling av konsekvensane av framlegga i kapittel 4.

Spørsmålet om norma for skriftmålet vårt er ei viktig kultursak. Språket skal brukast av mange, og det skal dekkja mange behov. Derfor er òg utgreiinga vår omfattande, kanskje for omfattande for somme. Arbeidsgruppa har derfor funne det rett å laga eit samandrag av dei konkrete framlegga sine.

Heile utgreiinga blir send til alle instansane som nemner opp medlemmer til nynorskdelen av Språkrådet. Me reknar med at høyringsinstansane sender utgreiinga til underliggjande organ som er interesserte i denne saka. Samandraget blir i tillegg sendt til ei rekkje andre organ og organisasjonar. Dei som ber om det, får heile utgreiinga tilsend. Utgreiinga med vedlegg blir elles lagd ut på www.sprakrad.no/nyno02.htm

Norsk språkråd ønskjer at så mange som råd tek del i denne viktige høyringa, og kjem med synsmåtar både på dei konkrete framlegga og den samla utgreiinga. Høyringsfristen er altså sett til 15. desember. Etter det skal arbeidsgruppa sjå på dei innkomne framlegga, og styret skal komma med ei tilråding til rådsmøtet. Rådet skal så handsama normspørsmålet på årsmøtet, truleg 14. februar 2003. Vedtaka der blir sende til departementet, som tek endeleg avgjerd i saka. Målet er at endringane kan ta til å gjelda frå 1.1.2004, slik at det rådet som sit no, gjer ferdig saka.

Høyringsfråsegner kan sendast
a med brev til Norsk språkråd, Postboks 8107 Dep, 0032 OSLO
b med telefaks til nr. 24 14 03 51
c med e-post til sprakrad@sprakrad.no

Med helsing

Jan Olav Fretland - sign.
leiar

Marit Hovdenak
dagleg leiar

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.08.2004 | Oppdatert:14.01.2021