Undersøking om bruk av lover og forskrifter i saksbehandlinga

Språket i lover og forskrifter er ikkje klart nok. Det er konklusjonen i ein rapport som vart lagd fram 29.1.2013. Rapporten gjeld ei undersøking som er gjennomført av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I rapporten kjem Difi med framlegg om fleire tiltak, mellom anna nye rutinar for å sikre betre språk i regelverk.

Målet med undersøkinga var å finne ut kva som hindrar klart språk i lover og forskrifter, og korleis saksbehandlarar brukar lov- og forskriftstekstar i saksbehandlinga. Undersøkinga er avgrensa til dei tre forvaltningssektorane arbeid, pensjon og bustad/bygg, og ho vart gjennomført i utvalde departement og direktorat, og dessutan blant saksbehandlarar i regionar eller distriktskontor som brukar regelverket.

Les omtale av undersøkinga her.
Last ned heile rapporten frå undersøkinga her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter