Hopp til hovedinnhold

Verdas første klarspråksstandard

Verda har fått sin første internasjonale standard for klarspråk, ISO 24495-1 Plain Language – governing principles and guidelines. Standarden gir retningslinjer til skribentar, han er språknøytral og frivillig å ta i bruk.

AV TORUNN REKSTEN

ISO 24495-1 er kanskje den største og viktigaste milesteinen for klarspråksfeltet nokosinne. Ein standard gjer det lettare å vurdere kvaliteten på ein prosess eller eit produkt, og denne standarden slår fast kva som er klarspråk i dag, og korleis ein kan utforme dokument i klarspråk.

Dette er ein standard som gir ekspertråd til skribentar alle stader. Sjølve prosessen med å skrive standarden har tatt fire år, men planlegginga starta allereie i 2007. Fleire titals klarspråksekspertar med ulik bakgrunn og ulike interesser har vore involverte på ulike stadium i prosessen, og Noreg har delteke i arbeidsgruppa som har skrive standarden. Alle har lagt mykje arbeid i å sikre at kvar einaste retningslinje skal fungere for deira språk og kultur. Det har gitt oss ein standard som skal fungere for dei aller fleste, om ikkje alle skriftspråk.

Interessante diskusjonar om kva klarspråk er

Den store verdien i standarden ligg nettopp i det at han er jobba fram av så mange personar med «aksjar» i fagfeltet klarspråk. Perspektiva varierer frå land til land og verdsdel til verdsdel. Det har gitt mange interessante diskusjonar og nærast forhandlingar om kva som skal eller ikkje skal få plass i standarden. Arbeidet med ein slik standard er nemleg konsensusbasert, og det inneber at viss ei retningslinje er viktig nok for mange nok, så blir ho ein del av standarden.

For oss i Noreg og i andre land med offisielt normerte språk var det t.d. viktig å få inn at ein skal skrive korrekt. Det var ikkje like viktig for mange andre, men ingen sette seg imot det, og dermed står det i standarden at ein skal følgje offisiell rettskrivingsreglar der dei finst.

Ei retningslinje som skapte mykje diskusjon, gjaldt etisk kommunikasjon. «Er det verkeleg naudsynt å seie at ein ikkje skal lyge?» lydde innvendinga frå fleire i gruppa. Men for representantar frå andre delar av verda var det uhyre viktig å få inn at informasjonen skal vere riktig. Dermed står det altså i standarden at ein tekst ikkje er i klarspråk om det som står der, ikkje er sant. For oss i Noreg er dette kanskje å trekke definisjonen av klarspråk noko lenger enn vi er vane med.

Fagfeltet står samla

Likevel, dei aller fleste retningslinjene har det vore semje om, og det meste av innhaldet vil du nok nikke attkjennande til. For den nye standarden legg for dagen kva det samla fagfeltet meiner er aller viktigast akkurat no, og han speglar att mønsterpraksis for klarspråk rundt om.