Hopp til hovedinnhold

Katalansk kvinnekamp og kanadisk inkludering – høgdepunkt frå eit terminologitoppmøte

Berre ja betyr ja! Arbeidet med ei katalansk samtykkeordliste er noko av det som gjorde mest inntrykk på meg da eg var til stades på det europeiske terminologitoppmøtet.

AV ANN HELEN LANGAKER

I november vart det ellevte europeiske terminologitoppmøtet arrangert av den europeiske terminologiforeininga EAFT. Årets vertskap var det katalanske terminologisenteret TERMCAT, og toppmøtet fann derfor stad i vakre omgjevnader på instituttet for katalanske studium i Barcelona. Terminologiutvikling har høg status i Catalonia, og kulturministeren opna møtet med å seia at terminologi er sjølve hjørnesteinen i den katalanske språkpolitikken.

Només sí és sí!

Eller som me seier på norsk: Berre ja betyr ja.

I Spania har dei nyleg vedteke ei samtykkelov, og terminologisenteret TERMCAT er kjende for å vera på pletten når det gjeld å laga samfunnsaktuelle ordlister for å gje dei katalanske termane fotfeste.

På møtet presenterte dei samtykkeordlista dei laga i forlenginga av at den spanske regjeringa starta eit prosjekt for å endra terminologien som blir brukt for seksualbrotsverk i den spanske straffelova. Eintydig terminologi spelar ei rolle når personar som har vore utsette for seksualisert vald, skal kunna identifisera og skjøna kva som har skjedd med dei.

TERMCAT – den varaste katten i tunet

I Noreg har me ikkje ei samtykkebasert valdtektsføresegn, og samtykkespørsmålet er ein pågåande politisk debatt. Me har heller ikkje ein eigen lovheimel som kriminaliserer seksuell omgang utan samtykke – trass i at samtykkeomgrepet allereie er innarbeidd i straffelova gjennom føresegna som kriminaliserer seksuell handling (til dømes berøring av bryst utan samtykke). Klart språk og eintydig terminologi er viktig, ikkje minst på strafferettsområdet.

Me kan altså sjå til Spania når det gjeld terminologiutvikling. Samtykkeordlista, med termar på både katalansk, spansk, fransk og engelsk, finn du her.

Skjermbilde 2023-12-19 163552.png

Desse illustrasjonane er nytta i marknadsføringa av samtykkeordlista.
Illustratør: Mari Fouz

Équité, diversité, accessibilité – med auka kollektivt medvett skal inkludering finna stad!

I 2019 fekk Canada ei ny tilgjengelov – the Accessible Canada Act – og i 2021 vart ein tverrdepartemental komite sett ned for å laga ein rettleiar med nøkkelomgrep knytte til rettferd, mangfald, tilgjenge og inkludering.

Arbeidet er tufta på sterk statleg forankring og styring, grasrotmedverknad og god metodikk. Målet med den tospråklege rettleiaren på fransk og engelsk er å auka det kollektive medvettet og få ei felles referanseramme for styresmaktene. Slik legg dei eit godt grunnlag for kursen (og diskursen!) framover.

Rettleiaren finn du her.

Skeivheit og fordom i maskinomsetjing

Det er ikkje til å koma frå at maskinomsetjingsverktøy har innebygde kjønnsskeivheitar og reproduserer fordommar. Maskinar har korkje ryggmergsrefleks eller eit oppdatert livssyn, og dei driv med hemningslaus gissing og sannsynsrekning. Dette kan gje seg utslag i at maskinen vel å setja om kjønnsnøytrale kjeldeord til kjønnsmarkerte ord på ein stereotypisk måte. Sjukepleiar vil mest sannsynleg bli tolka som kvinneleg sjukepleiar, og når student skal omsetjast til fransk, vil nok maskinen velja hankjønnsforma étudiant, og ikkje hokjønnsforma étudiante.

Michal Měchura frå universitet i Dublin står bak både terminologiverktøyet Terminologue og maskinomsetjingsverktøyet Fairslator, som er eit maskinomsetjingsverktøy som inneheld funksjonar som fjernar skeivheitar. På terminologitoppmøtet lanserte han i tillegg termbasen Genderbase, som er eit slags biprodukt av Fairslator-prosjektet. Her kan ein søkja opp og leggja inn termar på fleire språk og markera dei som anten kjønnsnøytrale eller kjønnsmarkerte.

Terminologi og KI

Eit høveleg tema for møte og konferansar i 2023 er sjølvsagt kunstig intelligens (KI). I Noreg vart KI-generert nett kåra til årets ord, og også på EAFT-toppmøtet stod KI på plakaten. Fleire av innlegga krinsa kring rolla terminologi spelar i utviklinga av store språkmodellar. Terminologi kan syta for kontekst og tetta kunnskapshola som språkmodellar har, og få språkmodellar til å verka i faglege kontekstar.

Korleis ein reint praktisk skal integrera og nyttiggjera terminologi i modellane, er framleis eit område som treng meir forsking og utprøving, men i Barcelona fekk me høyra om problemstillinga frå fleire hald. I Wales har dei til dømes inkludert språkteknologi i terminologiutdanninga for å knyta dei to felta tettare saman.

Språkrådet på scena 

Verda ville høyra korleis Noreg jobbar for å kjempa mot domenetap, og Språkrådets direktør Åse Wetås hadde derfor eit innlegg der ho gav eit oversyn over den norske språkpolitikken og tiltaka som er sette i verk for at norsk skal vera eit språk som skal kunna brukast på alle samfunnsområde.

Den norske språkpolitikken er sektorovergripande, og alle offentlege organ har eit lovpålagt ansvar for å bruka, utvikla og styrkja bokmål og nynorsk. Dette ansvaret inneber mellom anna at dei skal utvikla terminologi på sine felt.

Me har ein veg å gå før alle gjer det dei skal, men språkpolitikken gjev tydelege føringar og språklova pålegg det offentlege plikter. Norsk har altså gode levekår – men me treng at alle tar ansvaret sitt på alvor for at norsk skal kunna nyttast når me skal diskutera samfunnsaktuelle saker òg i framtida. 

Skjermbilde 2023-12-19 165449.png

Til venstre: Språkrådets direktør Åse Wetås saman med Sandra Cuadrado frå TERMCAT. Foto: Sandra Cuadrado. Til høgre: Utanrikskorrespondenten gjekk rundt i estetisk eufori i dei vakre omgjevnadene og fekk med seg mykje kunnskap og inspirasjon heim.