Forskingsrådet

No får alle som søkjer midlar hos Forskingsrådet, eit enda klarare svar når søknaden er behandla. Dette gjeld anten søknaden blir innvilga, avslått eller avvist. 

​Artikkelen er skriven av Forskingsrådet. 

Arbeid med brevmalar

Resultatet av eit ganske så intensivt klarspråkarbeid vinteren og våren 2017 er no endeleg på plass. Dei tre faste brevmalane våre har alle fått revidert tekst, og til det har det blitt nytta profesjonell språkhjelp.

I tillegg til dei tre brevmalane har meir enn 20 automatiske e-postmeldingar også blitt «klarspråka» og samkøyrte i språket med ein vennleg tone og eit meir aktivt språk. For brukarane våre tyder dette at dei enklare skal forstå kva dei skal gjere, og kva det i kvart tilfelle dreier seg om. Alle malane er på plass på bokmål, nynorsk og engelsk.

50 000 kroner frå Difi

Forskingsrådet var eitt av dei statsorgana som i 2016 fekk klarspråkmidlar frå Difi for å gjennomgå og revidere FoU-breva sine. Dei hyra inn språkkonsulentar frå NTB Arkitekst til å hjelpe med arbeidet og til å ha det profesjonelle blikket utanfrå.

– Vi sette straks i gang eit samarbeid mellom FoU-utvalet og språk- og søkjarteamet, og der valde vi ut tekstene vi ville revidere. Vi har styrt det administrative arbeidet (og pirkearbeidet) sjølve, men mykje av tekstrevisjonen er gjort av fagfolk som sit med den aller beste kunnskapen om kva søkjarane treng av informasjon, og korleis dei faktisk tenkjer og oppfattar ting, seier Therese Farstad frå språk- og søkjarteamet i Forskingsrådet. – Vi bestemte også med ein gong at her skulle kommunikasjonsfolk, innhaldseigar og fagfolk samarbeide frå start til slutt, noko vi har hatt veldig god erfaring med tidlegare. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter