Nærings- og fiskeridepartementet:

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har dei siste åra gjennomført både nynorskkurs og klarspråkskurs for medarbeidarane. Klarspråkkurs og nynorskkurs inngår òg i opplegget for nytilsette i departementet.

Etter ein artikkel skriven av Bjarne Myrstad, Nærings- og fiskeridepartementet

I to omgangar dei siste åra har vi køyrd ein serie avdelingsvise kortseminar (2-3 timar) i klarspråk med obligatorisk deltaking. Det er representantar frå Språkrådet som held kursa, og dei tek utgangspunkt i avdelingane sine eigne tekstar. Det har vist seg at dette skaper interesse, humor og læring.

Vi har gjennomført todagars nynorskkurs i ei årrekkje. Det er blitt lettare for medarbeidarane å ta fri frå det vanlege arbeidet og gå på kurs etter at vi innførde ei ordning der ekspedisjonssjefane og avdelingsdirektørane vurderer behovet i avdelingane og sørgjer for ønska deltaking.

Klarspråkkurs og nynorskkurs inngår no i opplegget vi lagar for nytilsette i departementet.

Les meir om språkarbeidet i NFD her

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter