Fylkesmannen i Rogaland: nynorskkurs

Fylkesmannen i Rogaland har nynorsk som målform. Viljen til å kommunisere er stor, men mange slit med å skrive eit klart og forståeleg nynorsk. Alle tilsette har difor fått tilbod om nynorskkurs.

Av Kristin Dybdal Holthe, kommunikasjonsrådgivar, Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen har stor gjennomslagskraft i media, mellom anna gjennom nettstaden. Derfor er det særleg viktig at både brev og nyheitssaker på nettet held god språkleg kvalitet.I 2010 fekk Fylkesmannen i Rogaland for fyrste gong ein felles kommunikasjonsstrategi. Eit av seks satsingsområde er godt språk.

Språk står sentralt i omdømmearbeidet til Fylkesmannen i Rogaland. Alt vi skriv, – i brev, vedtak og motsegner, lesarbrev og nyheitsoppslag er med på å forme omdømmet vårt. Godt språk styrker omdømmet og legitimiteten. Dårleg språk svekker omdømmet og kan vere ein trussel mot rettstryggleik og demokrati. I så måte handlar språksatsinga til Fylkesmannen om meir enn å skrive klart og forståeleg. Til grunn for alt arbeidet hos Fylkesmannen ligg verdiane Open og tydeleg, kompetent og truverdig, heilskapleg og lojal. Eit godt språk er naudsynt for å virke i tråd med verdiane.

Mål

Fylkesmannen i Rogaland hadde ei målsetting om at minst 30 prosent av dei tilsette skal delta på nynorskkurs i 2010. I tillegg skulle vi lage ein språkrettleiar.

Nynorskkursa skal virke til

  • auka medvit og forståing for godt språk
  • auka kompetanse i nynorsk
  • auka legitimitet og betra omdømme grunna klarare språk
  • meir effektiv kommunikasjon, både til ålmenta og til enkeltmottakarar av brev/vedtak

Rettleiaren skal vere ei god støtte i etterkant av kursa og ei effektiv hugseliste i det daglege. Ein trykt versjon vil vere meir haldbar og lettare å nytte en berre ein elektronisk versjon. Vi trur at den samla effekten av ressursbruken aukar med ein trykt rettleiar.

Tiltak

Hausten 2010 tok rundt 50 tilsette, det vil seie rundt 30 prosent i mot tilbodet om nynorskkurs. Ola Breivega var kursleiar. Breivega kunne tilby det beste opplegget til den lågaste prisen: Eit to dagars kurs med tre vekers mellomrom mellom kursdagane og innsending av tekster, både før kursstart og i perioden mellom kursdagane.

Hefte med gode råd og tips til klart og tydeleg språk blei utarbeidd etter nynorskkursa, etter mal frå det nasjonale prosjektet «Godt språk i fylkesmannsembetene». Heftet blir trykt opp i løpet av våren og delt ut til alle tilsette og dessutan publisert på nettstaden vår saman med anna verktøy.

SuksessfaktorarVal av kursleiar er viktig! Ola Breivega er ein av nestorane i nynorskopplæringa. Særs inspirerande, engasjerande og dyktig. Fleire kursdeltakarar sa at dei ikkje visst at nynorsk kunne vere så interessant.

Øving gjer meister! Det todelte kurset med innlevering av eigne tekstar før begge kursdagane ga aktuelle og kjende tekstdøme og aktiviserte deltakarane. Mellomperioden mellom kursdag 1 og 2 ga alle høve til å praktisere lærdomen frå dag 1.

Språkarbeid må forankrast! Hos Fylkesmannen i Rogaland har den øvste leiinga fokus på godt språk generelt og god nynorsk spesielt. Språksatsinga er solid forankra i visjon og verdiar, kommunikasjonsstrategi og handlingsplan.

Overføringsverdi

Overføringsverdien av god nynorsk i det offentlege er udiskutabel. Dagleg blir oppslag frå Fylkesmannen sin nettstad sitert i lokale, regionale og nasjonale medium. Ofte er sakene gjengjeve i sin heilskap. Gode og klare formuleringar blir vidareført. Å satse på språkutvikling hos Fylkesmennene er dermed med på å gjere det offentlege meir tydeleg og såleis eit viktig demokratibidrag.

«Eg elskar nynorsk»

Norsk målungdom har laga nokre fine jakkemerke med teksten «Eg elskar nynorsk». Vi delte ut slike jakkemerke til alle deltakarane. Mange oppfatta nok premien som litt ironisk. Nokre vil alltid streve med å «omsetje» bokmålstekster til nynorsk. Godt språk og solid nynorskkompetanse må byggast over tid. Med kompetansepåfyll og øving blir ein tryggare på språket og kan jamvel komme til å bli glad i nynorsken. Derfor skal Fylkesmannen i Rogaland fortsette med å halde trykk på nynorskopplæringa med fleire kurs og andre kompetansehevande tiltak.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter