Klarspråksprosjekt steg for steg
Det finst ingen fasit for korleis ein arbeider med språkforbetring på ein arbeidsplass. Somme gonger høver det å satse stort og breitt, andre gonger å starte i det små. Dersom du ynskjer å starte eit klarspråksprosjekt, kan du ha stort utbyte av å la deg inspirere av, men hugs å skreddarsy prosjektet til organisasjonen din.
Her er vår hugseliste for språkforbetringsprosjekt:
1 Organiser deg til suksess
2 Lag ein prosjektplan
3 Hugs å forankre prosjektet hjå både topp- og mellomleiarar
4 Ha realistiske ambisjonar
5 Lytt til brukarane
6 Skap motivasjon for å skrive godt og klart
7 Bruk både gulrot og pisk
8 Gjer suksesshistorier til felleseige
9 Lag språkmateriell og hald kurs
10 Evaluer og dokumenter resultat
Under «Lær av andre» finn du ei mengd prosjektomtalar og nyttige tips.
Artiklane på desse sidene er også publiserte i boka Klar, men aldri ferdig.
Du kan laste boka ned her.