Klarspråkssamarbeid mellom Oslo og Bergen

Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har inngått ein avtale om eit klarspråkssamarbeid for jusstudentar.

Ifølgje avtalen skal UiB lyse ut ei postdoktorstilling for forsking på juridiske tekstar og juridisk skrivedidaktikk. Dei to universiteta skal òg arrangere eit klarspråksseminar i Bergen i løpet av 2020.

UiB har i perioden 2017–2018 drive prosjektet «Bedre språk, bedre jurister». Utgangspunktet for prosjektet har vore ein idé om at klare tankar og klart språk heng saman. Studentane har mellom anna hatt skrivetrening og diskutert tekster i grupper.

UiO inngjekk i 2016 ein intensjonsavtale med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at klart språk skulle bli ein del av utdanninga, formidlinga og forskinga ved Det juridiske fakultetet. I faget lovgjevingslære har studentane øvd seg på å skrive juridiske utgreiingar i klart språk, noko som var nytt frå hausten 2019.

Nå foreiner altså dei to universiteta klarspråkskreftene sine.

Les heile saka på nettsidene til Universitetet i Bergen.
Les meir om juridisk språk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter