Meld deg på klarspråkskurs i Trondheim!

Vil du bli betre til å skrive i arbeidet ditt? NTNU set opp kurset «Skriving på jobb: tekstutvikling, kommunikasjon og klarspråk» våren 2020. Søknadsfristen er 15. januar.

Kurset tek utgangspunkt i ulike teksttypar som ofte dukkar opp på ein arbeidsplass. Det rettar seg mot dei som ynskjer å bli betre til å skrive sjølv, og dei som vil hjelpe andre til å skrive betre. Innhaldet i kurset vil vera nyttig for tilsette og leiarar i både offentleg og privat sektor.

Søknadsfristen er 15. januar, og fyrste samling er 12.–14. februar i Trondheim. Her kan du lesa meir om kurset.

På kurssidene våre har vi samla informasjon om kurs- og utdanningstilbod for deg som er oppteken av klarspråk. Tips oss gjerne om du veit om fleire tilbod.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter