Gratulerer med klarspråksprisane!

No image

(27.3.19) Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland har delt ut klarspråksprisane for 2018.

I år vart klarspråksprisen for staten delt ut for tiande gong, og jubileet vart markert med videohelsingar frå tidlegare prisvinnarar. Statens klarspråkspris for 2018 gjekk til Utlendingsnemnda (UNE), som er klageinstansen for utlendingssaker og statsborgarsaker. UNE har arbeidd med klarspråk i alle teksttypar, og har mellom anna forenkla over 60 brevmalar. Dei har òg laga ein gjennomarbeidd nettstad som treffer målgruppene godt.

Hå kommune i Rogaland fekk klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar. Kommunen har arbeidd systematisk og gjennomført med vedtak og standardbrev og laga brukarvenlege nettsider. Både juryen for klarspråksprisane og publikum under prisutdelinga vart overtydde om at det nå har vorte mindre «hæ» i Hå.

Kommunikasjonsrådgjevar Connie Slettan Olsen fekk utmerkinga «Årets trekkhund». Olsen har vore ein viktig pådrivar for klarspråksarbeidet i Meløy kommune, og ho har trekt med seg andre tilsette både på og utanfor sin eigen arbeidsplass. Eitt av prosjekta hennar er arbeidet med å finne gode namn til kommunale titlar og einingar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter