Penn til tusen

No image

(14.9.16) Nettkurset «Den gylne pennen» har etter tre månader meir enn 1000 registrerte brukarar.

– Vi visste at det var behov for eit nettkurs i klarspråk, men at kurset skulle få så stor oppslutning på så kort tid, er langt over det vi hadde forventa. Det seier Anniken Willumsen, seniorrådgjevar i Difi og prosjektleiar for nettkurset.

Dette er ei veldig hyggeleg tilbakemelding til oss i Difi og Språkrådet som har utvikla dette kurset.

«Den gylne pennen» er eit grunnkurs i dei viktigaste klarspråksteknikkane. Gjennom oppgåver og døme kan deltakarane øve seg på å skrive slik at mottakarane forstår. Hovudmålgruppa for kurset er saksbehandlarar i det offentlege, men kurset har også ein eigen del for leiarar.

Til liks med alle dei andre nettkursa til Difi er «Den gylne pennen» heilt gratis. Ein kan ta kurset enten aleine eller saman med andre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter