Ny og klarare forsvarslov

(15.4.2016) Regjeringa legg fram forslag til ei ny lov om verneplikt og teneste i Forsvaret. Fire lover er slegne saman til éi, talet på paragrafar er kraftig redusert, og språket er forenkla.

– Eg er glad for at regjeringa i dag legg fram forslag om ei heilt ny forsvarslov for Stortinget. Eit enkelt og forståeleg regelverk er viktig for demokratiet, og det styrker rettstryggleiken til den einskilde, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Arbeidet med ny forsvarslov inngår i prosjektet «Klart lovspråk», som er ein del av satsingsområdet til regjeringa «Ein enklare kvardag for folk flest».

Les pressemeldinga frå regjeringa 15.4.2016.
Les meir om arbeidet med forsvarslova.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter