Ein million kroner til klart språk i kommunesektoren

No image

(17.6.2016) KS har no delt ut totalt ein million kroner til klarspråksarbeid i 48 kommunar og fylkeskommunar, gjennom ei støtteordning i programmet «Klart språk i kommunesektoren».

Dette er det første året kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte til klarspråksarbeid. Støtteordninga er ein del av eit femårig program for klart språk i kommunesektoren.

I juryen som har vurdert søknadene om støtte, sit representantar frå kommunesektoren, Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). – KS vil gjerne motivere så mange som mogleg til å kome i gang med klarspråksarbeid, seier områdedirektør Inger Østensjø i KS, som har vore leiar for juryen.

Alle kommunar og fylkeskommunar som får støtte frå programmet, skal dele røynsler, resultat og produkt frå språkarbeidet sitt.

– Sidan kommunar og fylkeskommunar har dei same oppgåvene og kommuniserer med dei same målgruppene, kan ein spare mye på å dele gode tekstar og røynsler, seier Østensjø.

Vest-Agder fylkeskommune er ein av støttemottakarane i år. Fylkeskommunen har fått 40 000 kroner til skrivekurs for dei tilsette. Her kan du lese meir om det planlagte språkarbeidet til Vest-Agder fylkeskommune.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter