Ny frist for å nominere kandidatar til klarspråksprisen 2013

(11.11.2013) Statens klarspråkspris går til eit statsorgan som gjer ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, forståeleg og brukartilpassa språk i tekstane sine. Veit du om eit prisverdig språkarbeid i staten? Vi har forlenga nominasjonsfristen til  onsdag 13. november.

Kandidatar til prisen må ha gjennomført konkrete tiltak med gode resultat, og dei må kunne vise til at dei har

  • laga klar og forståeleg informasjon til publikum (i til dømes skjema, rettleiingar, brev, nettekstar, digitale tenester eller lover og forskrifter)
  • arbeidd systematisk for godt språk, på både nynorsk og bokmål, og dokumentert arbeidet sitt
  • involvert store deler av verksemda i språkarbeidet

Temapris – beste standardbrev

I år skal det òg delast ut ein temapris for det beste standardbrevet. Temaprisen går til eit statsorgan som har jobba med å betre språket og strukturen i breva sine, og som ønskjer å framheve eitt brev spesielt.

Kandidatar til temaprisen må kunne dokumentere arbeidet som er gjort, og forklare kvifor dei har valt nettopp dette brevet. 

Nominering

Fristen for å nominere kandidatar til prisane er 13. november 2013. Alle kan sende inn framlegg om kandidatar til både hovudprisen og temaprisen, og det er lov å nominere sin eigen arbeidsplass.

Her finn du meir informasjon om prisane og om korleis du nominerer.

Her finn du retningslinene for Statens klarspråkspris.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter