Kom i målform! Seminar om nynorsk i staten

(22.2.2012) Er nynorskprosenten for låg? Slit du med forma? Bli med på seminar og kom i målform!

bilde
Den 28. mars 2012 arrangerer Språkrådet eit seminar om arbeidet med nynorsk i staten. Målgruppa er statstilsette som arbeider med nynorsk, og som prøver å få til ei jamnare fordeling mellom målformene på arbeidsplassen sin. Formålet er å utveksle erfaringar og kome med tips om korleis ein kan få laga fleire og betre tekstar på nynorsk. Deltakarane får ei orientering om Språkrådets tilbod og hjelpemiddel og om mållovstilsynet. Vi vonar at seminaret også kan bli opptak til eit kontakt- og diskusjonsforum for statstilsette som arbeider med nynorsk.

bilde
På seminaret lærer ein  

  • korleis andre etatar arbeider for å få meir og betre nynorsk
  • korleis ein kan spreie informasjon om regelverket
  • kva som finst av nynorskkurs og nyttige hjelpemiddel
  • kva mållova krev av statsorgan, og på kva område ein bør setje inn kreftene

Program

09.30  Registrering og kaffi

10.00 Innleiing ved Språkrådets direktør Arnfinn Muruvik Vonen

10.10 Slik har vi gjort det – gode råd om nynorskarbeid i statsorgan
           Seniorrådgjevar Bjarne Myrstad, Fiskeri- og kystdepartementet
           Seniorrådgjevar Hanne Bakke, Noregs vassdrags- og energidirektorat 
           Rådgjevar Ellen Grong, Universitetet i Bergen

12.00 Spørsmål til innleiarane

12.15 Lunsj

13.00 Her bør ein setje inn kreftene 
           Orientering om mållova og tilsynsarbeidet ved Daniel Ims og Astrid Grov

13.30 Det er hjelp å få! 
           Orientering om kurstilbodet til Språkrådet ved Bård Eskeland og Kjetil Aasen

14.00 Pause

14.15 Det er hjelp å finne! 
           Orientering om hjelpemiddel på nettet ved Anna Senje og Margrethe Kvarenes

14.35 Spørsmål og diskusjon

Det kan bli endringar i programmet.

Praktisk informasjon
Tid: onsdag 28. mars 2012 kl. 10–15.
Stad: lokala til Språkrådet i Observatoriegata 1 B, Oslo.

Seminaret er gratis. Påmelding til stat(a)sprakradet.no seinast 19. mars 2012.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter