Betre språk på nettstaden

(14.12.09) Klart, godt og brukarvennleg språk skal kjenneteikne nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning (DN) i framtida. Direktoratet er eitt av fleire statsorgan som har fått økonomisk støtte frå prosjektet «Klart språk i staten» for å betre språket i kommunikasjonen med publikum. Hos DN har dei satsa på språket på nettsidene først og utvikla ein eigen språkprofil for www.dirnat.no.

Dårlegast i klassen
– Ein av grunnane til at vi ønskte å utvikle ein språkprofil for nettstaden, var at vi fekk 0 av 3 moglege poeng på lesarvennlegheit i Difi si kvalitetsvurdering av offentlege nettstader i 2008, fortel nettredaktør i DN, Guri Sandvik. – I tillegg visste vi at mangla rutinar for språkleg kvalitetssikring av innhaldet på nett, og dette ønskte vi å gjere noko med.

Direktoratet skulle også lansere ny nettstad og ny grafisk profil, og nytta høvet til å også ta tak i språkarbeidet på den store og komplekse nettstaden. Og ambisjonane er det ikkje noko å seie på.

– Vi har fått utvikla ein språkprofil som seier noko om korleis språket på nettstaden vår skal vere, både gjennom overordna retningslinjer og konkrete skriveråd. Målet er å bruke klare og tydelege setningar som lesaren ikkje kan misforstå, og at lesaren ikkje skal bruke meir tid enn nødvendig på å få med seg innhaldet, seier Sandvik.

– Samstundes er det viktig for oss å nytte eit profesjonelt språk som høver for eit direktorat, og som fortel tydeleg om rolla vår og oppgåvene våre.

Klarspråklege prinsipp
Dei overordna prinsippa i språkprofilen er å tenkje gjennom desse punkta før ein går i gang med å skrive:

  • Kven er målgruppa og kva er teksten si oppgåve?
  • Skriv for dei som kan minst om saka.
  • Ta utgangspunkt i kven saka er viktig for.
  • Vurder om Internett er riktig kanal.

Dei konkrete råda i profilen er heilt i tråd med prinsippa for klarspråk, og handlar mellom anna om å

  • unngå passiv
  • bruke verb framfor substantiv
  • bruke du, de og vi
  • strukturere teksten med gode titlar, mellomtitlar, avsnitt  og meiningsberande lenkjer

No står det berre att ein jobb med å få alle dei som skal skrive for nett, til å ta den nye profilen i bruk.

– Den er først og fremst eit verktøy for nettredaksjonen og dei som publiserer, men no har vi fått signal om at leiinga er interessert i å vidareføre språkarbeidet og utvikle ein språkprofil for alle kommunikasjonsflater i direktoratet, avsluttar ein nøgd nettredaktør, Guri Sandvik.

Dokument
Språklege retningsliner for Direktoratet for naturforvaltning
Sjekkliste for skriving for Direktoratet for naturforvaltning

Du finn retningsliner og sjekklister for andre statsorgan under Lær av andre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter