Hopp til hovedinnhold

Reglar for fylkeskommunar

Her er reglane som gjeld for bruk av nynorsk og bokmål i fylkeskommunale organ.

Fylkeskommunale organ skal 

Skriftleg kommunikasjon med privatpersonar 
Skriftleg kommunikasjon mellom fylkeskommunale og kommunale organ
Skriftleg kommunikasjon mellom statsorgan og fylkeskommunale organ
Kva inneber eit språkvedtak for ein fylkeskommune?
Skrivekompetanse
Bruk av bokmål og nynorsk i den administrative verksemda ved vidaregåande skolar

Skriftleg kommunikasjon med privatpersonar 

Skriftleg kommunikasjon kan vere brev, e-post eller chattetenester. Om ein privatperson skriv til eit fylkeskommunalt organ på nynorsk, skal organet svare på nynorsk. Om ein privatperson skriv til eit fylkeskommunalt organ på bokmål, skal organet svare på bokmål. 

Skriftleg kommunikasjon mellom fylkeskommunale og kommunale organ  

Når fylkeskommunale organ kommuniserer med ein kommune eller ein annan fylkeskommune, må dei bruke det skriftspråket som den kommunen eller fylkeskommunen har vedteke: anten nynorsk eller bokmål. Kravet gjeld òg når den kommunen eller fylkeskommunen dei skriv til, sjølv ikkje har brukt det vedtekne skriftspråket.

Nokre kommunar og fylkeskommunar er språkleg nøytrale. Da kan fylkeskommunale organ velje om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen.

Fullstendig oversikt over språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar 

Skriftleg kommunikasjon mellom statsorgan og fylkeskommunale organ 

Fylkeskommunale organ kan krevje at statlege organ brukar det skriftspråket som fylkeskommunen har vedteke: anten nynorsk eller bokmål. Sjå språklova paragraf 15 andre leddet.

Fullstendig oversikt over språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar

Nokre fylkeskommunar er språkleg nøytrale. Da kan statsorgana velje om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen.

Kva inneber eit språkvedtak for ein fylkeskommune?

Eit språkvedtak bind ikkje ein fylkeskommune til å bruke det vedtekne skriftspråket i allment tilgjengelege dokument eller i den administrative delen av verksemda. Fylkeskommunen kan sjølv fastsette at eit vedtak om nynorsk eller bokmål òg skal gjelde internt i fylkeskommunen.

Reglar for bruk av bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument

«Allment tilgjengelege dokument» er til dømes nettsidetekst, pressemeldingar, stillingslysingar og tekstar i sosiale medium.  

Språkleg nøytrale fylkeskommunar skal veksle mellom bokmål og nynorsk etter reglane i språklova § 13. Fylkeskommunar som har gjort vedtak om anten nynorsk eller bokmål, vel sjølv kva språk dei skal bruke i allment tilgjengelege dokument.

Språkrådet kan rettleie fylkeskommunen i arbeidet med å fastsette ein vekslingsregel.

Lynkurs om språklova (for fylkeskommunar og kommunar)

Skrivekompetanse

Fylkeskommunale organ skal sørge for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter språklova. Sjå språklova paragraf 16

Bruk av bokmål og nynorsk i den administrative verksemda ved vidaregåande skolar

Fylkeskommunane har ansvar for dei vidaregåande skolane. Den administrative verksemda ved vidaregåande skolar pliktar å følge reglane om 

  • veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument (paragraf 13)
  • bruk av bokmål og nynorsk i dokument til privatpersonar og kommunar eller fylkeskommunar (paragraf 15)
  • skrivekompetanse (paragraf 16)