Hopp til hovedinnhold

Om nettstaden

Denne nettstaden er laga av Språkrådet. 

Kva finn du på språklov.no?

Nettstaden språklov.no er laga av Språkrådet og inneheld informasjon og rettleiing om lov om språk (språklova), som tok til å gjelde 1. januar 2022.

Da fekk Noreg ei allmenn språklov som gjeld for heile samfunnet. Med språklova har norsk språk fått eit lovfesta vern. Lova slår fast at norsk skal vere det nasjonale hovudspråket i Noreg.

Lova sikrar òg stillinga til andre språk med historisk heimstadrett i Noreg. Det gjeld samiske språk, kvensk, romani, romanes, og norsk teiknspråk. Lova set særskilde krav til språkbruken i det offentlege og har eigne ansvarsreglar for offentlege organ.

Meir hjelp til å forstå språklova finn ein i språklovsproposisjonen Prop. 108 L (2019–2020). Der gjer Kultur- og likestillingsdepartementet greie for forarbeida til lova og korleis ein skal forstå lovteksten.  Informasjonen på språklov.no bygger i stor grad på språklovsproposisjonen.

Språkrådet har som oppdrag å følge opp den norske språkpolitikken, som er vedteken av Stortinget. I § 19 i lova heiter det mellom anna at Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i lova. Denne nettsida vender seg spesielt til deg som arbeider i eit offentleg organ og treng å vite kva for plikter lova legg på offentleg tilsette. 

Språkval på språklov.no

På språklov.no er nokre tekstar på bokmål og andre på nynorsk. Språklova skal fremje jamstilling mellom bokmål og nynorsk. Røynleg jamstilling mellom bokmål og nynorsk føreset at alle språkbrukarar kan sjå, høyre og bruke språket sitt i rikeleg monn. Sidan offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte av dei norske skriftspråka, kjem du til å finne mykje nynorsk på språklov.no. 

På språklov.no har vi med vilje brukt ein del former som du kanskje ikkje ser så ofte på andre statlege nettsider. Alle er innanfor rettskrivinga.