Trunkere

Kva tyder trunkert, som i «trunkert søk», som ein usikker databrukar ofte støyter på?

Svar

I Nynorskordboka er verbet trunkere forklart slik:

trunkere v2 (eng. truncate)
kutte av; i edb: erstatte byrjinga eller slutten av ein søkjestreng med eit spesialteikn som står for eitt eller fleire vilkårlege teikn; som adjektiv i perfektum partisipp: eit trunkert søk

Trunkere kjem frå latin via engelsk, og trunkert tyder i grunnen ‘avkappa, styvd’.

Eit trunkert søk gjer ein ved å hogge av fram- eller bakenden av eit ord og setje inn eit spesialteikn for den avhogne delen. Spesialteiknet blir òg kalla jokerteikn (wildcard), og er oftast ei stjerne eller eit spørjeteikn.

Ein kan til dømes skrive *rock, og då får ein treff på alle ord som sluttar på -rock (femtitalsrock, garasjerock, jazzrock osb.). Dette er venstretrunkering. Ein kan òg høgretrunkere og skrive rock*. Då får ein treff på alle ord som byrjar på rock- (rockabilly, rockemusikk, rockestjerne osb.). Eller ein kan skrive *rock* og få i både pose og sekk.

I Norsk dataordbok (Universitetsforlaget 1997) står dette:

Avkutting, trunkering
Engelsk trunctuation
Fransk troncature

1 Utelatelse av et eller flere av de minst vektige sifrene i en tallrepresentasjon uten at den resterende del blir justert.
Jf. avrunde.

2 Utslettelse eller utelatelse av en del i begynnelsen eller slutten av en streng.

Men avkutting ser ut til å ha tapt som avløysar. Trunkering er innarbeidd i vide krinsar, truleg med norsk uttale (o-lyd for u føre nk).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter