Sjølve på nynorsk – rett og galen bruk

Læraren hevdar at sjølv og sjølve er heilt valfrie former på nynorsk, men det kan vel ikkje stemme?

Svar

Nei, det stemmer berre i fleirtal. Det heiter

eg sjølv
du sjølv
han/ho sjølv


vi sjølv(e)
de sjølv(e)
dei sjølv(e)

Døme:

Eg gjer det sjølv – Vi gjer det sjølv(e)
Du gjer det sjølv – De gjer det sjølv(e)
Han/ho gjer det sjølv – Dei gjer det sjølv(e)

Hankjønnsord og hokjønnsord i eintal går som han/ho: mannen sjølv, kvinna sjølv.

Det same gjeld ordet det og alle inkjekjønnsorddet sjølv (t.d. dyret sjølv, departementet sjølv).

I fleirtal: mennene, kvinnene, dyra, departementa sjølv(e).

E-en ovanfor er altså ein fleirtals-e. 

Det er vanleg i uttale av nynorsk å sløyfe v-en dersom ein ikkje har v i dialekten. Men i føresett sjølve (sjå nedanfor) bør v-en vere med.

Eit anna sjølve føre substantiv (= selve)

Forma sjølve er obligatorisk når ordet står føre eit substantiv slik: sjølve jenta, sjølve departementet. Det svarer til selve på bokmål. Eintal og fleirtal har ikkje noko å seie her.

Eit anna sjølv (= til og med)

Ein annan bruksmåte er den adverbielle. Døme: «Sjølv norsklærarar kan rote med bøyinga av sjølv.» Merk: Her finst det inga fleirtalsform med -e! 

I «klassisk» nynorsk brukar ein ofte «jamvel», «til og med» eller noko anna i staden for adverbet sjølv.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.11.2022 | Oppdatert:06.12.2022