Tunga på vektskåla

Kvifor heiter det som avgjer ei sak, tunga på vektskåla? Det høyrest som ein ureinsleg måte å juksa med vekta på!

Svar

Tunga er truleg visaren på vekta.

Det finst òg ein teori om at det er tale om ein tunge (altså ikkje ei tunge). Dette hankjønnsordet tyder ‘tyngd’. Svenska Akademiens ordbok held på denne tolkinga av uttrykket att vara tungan på vågen. Styrken med denne teorien er at tungen (altså ikkje tunga) er på eller i sjølve skåla og utgjer ei vekt.

Men det er to moment som talar for tunga (visaren): 

  • I eldre dansk kunne vektskål tyda det same som skålvekt (sjå vægtskaal i Ordbog over det danske Sprog).
  • På slike vekter er det ein meir eller mindre tungeforma visar, og det er ingen tvil om at ein slik visar har vore kalla tunge.
  • Det er all grunn til å tru at det tyske Zünglein an der Waage er ein variant av det same uttrykket. Zünglein er ‘lita tunge’.

Det er kanskje eit logisk problem at tunga (visaren) ikkje endrar utslaget på vekta, berre syner det. Men det får våga seg. Vi kan heller ikkje utelukka at fleire førestillingar har smelta saman i uttrykket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024