Tolvte time?

Somme seier «i tolvte time» når tida snart er ute, andre seier «i ellevte time». Kva er det rette?

Svar

Det tradisjonelle bibelske er i (den) ellevte time(n). Vi tilrår det, men det er vanskeleg å kalla tolvte feil.

I ellevte timen tyder ‘sein, men trass alt tidsnok’, altså ‘i siste liten’. Med utgangspunkt i det blir jo tolvte timen i seinaste laget. Men ordaget i tolvte timen (i same tyding som ellevte) har nok kome for å bli.

Arbeidsdagen og den ellevte timen

Hos Matteus (20,9) står likninga om arbeidarane i vingarden. Ein jordeigar skal leiga arbeidsfolk til vingarden sin. Han tek inn folk då arbeidsdagen byrjar, og så fleire arbeidarar den tredje, sjette, niande og ellevte timen. Alle får ein denar kvar i løn når dagen er omme. Dei fyrste klagar på at dei som kom i ellevte timen, får like mykje som dei sjølve. Men då seier jordeigaren at han gjer som han vil med det som er hans, og dessutan skal dei siste bli dei fyrste, og dei fyrste skal bli dei siste. Ei vanleg tolking er at ein trygt kan la seg omvenda seint i livet, ja, i ellevte timen.

Arbeidsdagen byrja klokka 6 om morgonen, så arbeidarane må ha vore tekne inn mellom klokka 16 og 17.

Dagslyset: tolv timar

Uttrykket i tolvte timen har ikkje opphav i Bibelen, men har likevel ein slags indirekte stønad der. Jesus seier i forteljinga om Lasarus (Joh 11,9–10, 1978-omsetjinga):

Har ikkje dagen tolv timar? Den som ferdast om dagen, snåvar ikkje, for han ser ljoset i denne verda. Men den som ferdast om natta, han snåvar, av di han ikkje har ljoset i seg.

Tolvte timen er altså siste timen før det blir mørkt. I tolvte timen gjev såleis meining uavhengig av kva som er det rette faste uttrykket frå før. At dei typiske fristane middag og midnatt er klokka tolv på klokkene våre, stør opp om logikken. Dessutan får vi eit fint bokstavrim på norsk, med tt.

I engelsk held den opphavlege formuleringa seg betre enn i norsk. Merk at det er det er eleventh som gjev bokstavrim der, med (h)our.

I den tolvte time vart nytta sporadisk allereie i siste halvdel av 1800-talet. Etter siste verdskrigen auka det på med tolvte time i kjeldene, og i avisene har i tolvte time vore det vanlegaste sidan litt før 1980. Om lag samstundes kom trettande for alvor på banen, vel gjerne i tydinga ‘for seint’.

Det er nok eit uløyseleg problem at dei som brukar ordlaget ellevte time, kan oppfatta i tolvte time som ‘for seint’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter