Stopp en hal!
Heiter det stopp ein hal, stopp ein halv, stopp en hal eller stopp en halv? Eg har sett alt mogleg. Kva kjem dette uttrykket av?
Skriv helst stopp en hal i begge målformer.
Stopp en hal er opphavleg eit austnorsk sjømannsuttrykk basert på det engelske «stop and haul», ifølgje Norsk Riksmålsordbok i tydinga ‘stans med å hale; vent litt’. (I engelsk kan and ‘og’ fungera underordnande i formuleringar som try and og stop and. Jamfør slike ubestemmelege doble imperativar i norsk uformelt talemål: «slutt og/å tull».)
Det er godt mogleg at ordlaget snarare kjem av nederlandsk stop en haal ‘stopp og hal’, utan at det bør ha noko å seia for den norske skrivemåten.
Var denne teksten stort sett grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men les dei nøye.