På båten

Kvifor heiter det å gi noko eller nokon på båten når ein gir det eller dei opp?

Svar

I Nynorskordboka og Bokmålsordboka står ordlaget rett nok under båt, men merk denne presiseringa i Nynorskordboka:

«i tyding 4 omtydd etter nederlandsk bot geven ‘gje, fire tau’»

Bot er tauende. Poenget må ein gong ha vore at ein lèt noko fara, ein gjev det opp.

Etymologane Hjalmar Falk og Alf Torp er ikkje snaue i omtalen av uttrykket:

I Svenska Akademiens ordbok er det tolka meir bokstavleg, som å setja nokon på ein båt som skal til helvete e.l.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter