Maskulinist – det motsette av feminist?

Er ein maskulinist det mannlege motstykket til feminist? Kor lenge har det vore i bruk, og er det brukande i dag?

Svar

Maskulinist og maskulinisme er nokså nye ord i norsk. Dels er dei motstykke til feminist og feminisme, men dei har òg tilknyting til det mannlege i vid tyding på den eine sida og mannssjåvinisme på den andre. Ein bør nok ikkje utan vidare bruka orda som nøytrale motstykke til feminist og feminisme.

I denne debattboka frå 1972 finn vi både maskulinistar og nymaskulinistar:

Seinare i tiåret vart ordet nytta av m.a. Tove Nilsen og Gerd Brantenberg i skjønnlitteraturen. Men substantivet maskulinisme var det to menn som nytta før dei, søk i desse bøkene på nb.no:

Korkje maskulinist eller maskulinisme har kome inn i vanlege norske ordbøker, og det er ikkje heilt lett å seia kva dei tyder. I ei framandordbok er det siste forklart som ‘mannlig utseende og opptreden hos en kvinne’. Dette er nok ei eldre tyding. Ordet har vore brukt om alt frå ‘(svært) maskulint preg’ via ‘mannsfrigjering’ til ‘mannssjåvinisme’, og i dag er det visst mest brukt om det siste, jf. denne Wikipedia-artikkelen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter