Dobbelstandard?

Eg ser av og til formuleringa dobbelstandard, dobbeltstandard eller doble standarder i avisene, men er dette god norsk?

Svar

Doble standardar kan nok ikkje kallast feil. Når det gjeld moralske spørsmål, bør det likevel heite dobbeltmoral på norsk, som det alltid har gjort.

På nynorsk kan det òg heilta dobbelmoral utan -t-.

Ordet dobbeltmoral er i Kirkebys Stor norsk engelsk ordbok omsett med a double set of morals og a double standard (of morality).

Double standard kan elles tyda dobbel(t) myntfot.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter