Bæret og bærtur
Kvifor seier vi at vi ikkje skjønar bæret? Har det med å vera på bærtur å gjera? Og korleis vart uttrykka til?
Når vi ikkje skjønar bæret, handlar det truleg om at vi ikkje eingong skjønar noko ganske lite, jamfør ikkje å skjøna det grann, ein døyt eller dusta (dust = ‘støv(fnugg)’).
«Skjønner ikke bæret (av det og det)» var godt kjent i Oslo-slang kring 1980, men kan godt vera eldre og ha anna opphav.
Bærtur er eit heilt anna bilete. Kva tid og korleis bærturen vart ein metafor, er mest uråd å finna ut. Vi kan likevel identifisera ein ny grammatisk bruk fyrste gong i Rogalands Avis (5.7.1958):
Altså: heilt på bærtur. Dømet er godt semantisk òg: Bærplukking på fotballbana er eit slåande bilete på tullete åtferd.
Ein mogleg forløpar for metaforen skimtar vi nedanfor:
(Begge klippa er frå nb.no, men det siste har vi ikkje full tilgang til.)
No kan det godt henda at det å vera på bærtur berre er ein parallell til å vera på viddene eller på jordet, altså mentalt bortreist eller fråverande. Liknande finst i mange språk. Når ein er på (ein verkeleg) bærtur, anten det er på viddene eller i skogen, kan ein òg lett komma på villspor.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).