Trilemma
Eg kom over ordet trilemma i ein avistekst. Ordet er brukt om ein situasjon der ein må velje mellom tre vonde. Er dette eit kurant ord i norsk, og kan -lemma brukast med andre talformer òg?
Det er ingenting formelt i vegen for å bruke trilemma på norsk.
Søk på nb.no og i andre tekstbasar syner at trilemma er brukt på norsk, t.d. her i ei bok utgitt i 1990:
Ordet står òg i Fremmedordbok av Dag Gundersen med definisjonen «valg mellom tre (oftest vanskelige eller ubehagelige) muligheter, jf. dilemma». Ordet er godt etablert i norsk filosofisk språkbruk.
Sjeldne framandord bør generelt berre brukast når det er grunn til å tru at dei vil bli forstått i målgruppa. For mange lesarar vil vel assosiasjonen til det kjende ordet dilemma vere nokså klår her, så det skulle gå greitt.
Det er mogleg å lage samansetningar som tetralemma (4), pentalemma (5) og så vidare, men i dei fleste samanhengar vil vi nok rå ifrå å trekkje det så langt. Ein er med enklare ord i klemme (som i utgangspunktet = dilemma) mellom så og så mange val.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).