Til overmål eller til alt overmål?

Stadig oftare ser eg folk skrive «til alt overmål» der eg sjølv ville nøgd meg med «til overmål». Kva er rett?

Svar

Kort sagt: Det tradisjonelle er «til overmål». Vi kan tilrå å bruke det. «Alt» kan vere innblanda frå andre uttrykk.

Ei grundigare vurdering følgjer nedanfor.

Eit søk i aviskjelder viser tilhøvet mellom uttrykka over tid:

Den blå grafen er litt misvisande, for han viser òg bruken av uttrykket til overmål i ei anna tyding. Den vanlegaste tydinga før i tida var beint fram ‘meir enn normalt mål’, medan den vanlegaste tydinga no er ‘dessutan, attpåtil, på toppen av det heile’, ofte med underforstått kritikk eller anerkjenning.

Før oftare slik: Eg har forklart meg til overmål (= meir enn nok)
No oftast slik: Eg har forklart meg og til overmål sagt orsak (= attpåtil)

I det siste dømet er overmålet = orsakinga. Det å leggje til alt berre tilslører logikken. Det blir nesten som å seie på all toppen for på toppen.

Går ein til det store tekstkorpuset på nb.no, finn ein at alt-tillegget tok til å spreie seg like før krigen, og at det er i ferd med å ta over. Biletet er altså ikkje heilt ulikt det vi ser ovanfor.

Grunnen til at alt har snike seg inn, er nok at det finst andre uttrykk som liknar (til alt hell, til all lykke).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.02.2022 | Oppdatert:25.05.2024