Talkshow?
Eg lurer på om ein skriv ordet talk show i to ord som på engelsk, eller om det er såpass fornorska at ein skriv det i eitt? Finst det forresten eit norsk ord for fenomenet?
Talkshow er teke inn i fleire norske ordbøker i denne forma, altså skrive i eitt. Eit alternativ er prateprogram.
I Språknytt 2/1995 står det om ein som datagenererte 250 framlegg til avløysarord for talk show. På Språkrådet si liste «På godt norsk» står det berre eitt ord: prateprogram. Det er dessverre dobbelt så langt som det engelske, men til gjengjeld nokså lett å uttale, presist og med bokstavrim. Det har slått bra gjennom.
Eit anna ord for denne typen tv-drøs er chat show (britisk-engelsk).
Ein vidare kategori er samtaleprogram (frå kring 1950).
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).