Stadnamn og målform
Kan ein skrive Østensjøvannet eller andre stadnamn med bokmålsformer i ein nynorsktekst?
Svar
Stadnamn skal ha berre éi skriftform i offentleg bruk. Du kan difor trygt skriva Østensjøvannet på nynorsk.
Namn på fylke har òg berre éi form: Østfold og Aust-Agder heiter det same i begge målformene.
Godkjende skrivemåtar finst i Sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).