Spekulere i og spekulere på

Etter min barnelærdom finst det to heilt ulike former for spekulering eller spekulasjon. Å spekulere PÅ eller OVER noko er å fundere på noko. Å spekulere I noko, til dømes i aksjar eller i folks toskeskap, er å gjere noko meir eller mindre tvilsamt i von om vinning. Mange seier no at dei «spekulerer i» noko når dei funderer. Eg spekulerer på om dei gjer rett i det?

Svar

Det er grovt sett nokså nytt å bruke «spekulere i» for «spekulere på/over». Er ein tradisjonelt innstilt, verkar det gale. Vi vil ikkje tilrå å bruke «spekulere i» på denne måten, sjølv om det er svært vanleg. Å spekulere i noko er helst å pønske på korleis ein kan utnytte det til sin fordel. 

Til og med Det Norske Akademis ordbok, som er svært oppdatert, held skiljet ved lag.

Per Egil Hegge har teke ordlaget føre seg i Aftenposten i både 2009 og 2015.

Nedanfor er ein statistikk henta frå nb.no (n-gram-tenesta). Her ser vi utviklinga i aviskjelder dei siste tiåra.

Det er litt underleg at det semantisk nærskylde lure PÅ ikkje har motverka utviklinga. Dette er forresten eit uttrykk som godt kan brukast meir.

Framstillinga ovanfor er noko forenkla. I eldre mål, i svensk og dessutan i danske dialektar finn vi «spekulere i» brukt i vidare tyding. Eit tidleg døme på norsk finn vi i ein ingress frå før krigen: «Tyvene spekulerer i om folk er hjemme.» Ein slik uttrykksmåte kan ha røter i  «Tyvene spekulerer i at folk er borte» + «Tyvene spekulerer på om folk er hjemme/borte», men han kan altså òg ha ei eldre rot.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter