Så vidt populær?

Kva i all verda tyder så vidt i eksamensoppgåva nedanfor, og kvifor er det stava ulikt på bokmål og nynorsk?

Svar

Uttrykket så vidt skal alltid skrivast i to ord på begge skriftmåla. Det tyder vanlegvis ‘akkurat såpass (= så mykje) at ’. Døme: «Det var (berre) så vidt eg greidde det.» Vi brukar det òg i faste uttrykk som så vidt eg veit ‘så langt eg veit’ og for så vidt ‘i og for seg, for den saks skuld’.  

I dømet du viser til, tyder det beint fram såpass

Det er svært uvanleg å bruka så vidt i den sistnemnde tydinga på nynorsk. Det verkar òg nokså stivt på bokmål. Formuleringa i eksamensoppgåva er dessutan på grensa til tvitydig. 

Nynorskversjonen av oppgåva er elles full av feil og tvilsame formuleringar: manglande komma, presens s-passiv (meinast med for meiner ein med), teiknet & for og, kor for korleis, være for vere, den for ho/henne og gjere innvendingar til.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.06.2023 | Oppdatert:03.03.2024