Peer review
I vårt fagmiljø snakkar vi ofte om peer reviews. Er fagfellevurdering eit godt avløysarord for dette?
Ja, fagfellevurdering er eit godt ord for peer review.
Vi tilrår fagfellevurdering for den engelske termen peer review. Orda viser til ein prosess der vitskaplege arbeid blir vurderte av ekspertar på fagområdet. Det engelske ordet peer kan omsetjast med fagfelle i denne samanhengen. Orda fagfelle og fagfellevurdering er tekne i bruk i mange akademiske miljø. Du finn dei òg i Termportalen.
Ordet kollegavurdering kan reserverast for noko meir allment.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).